Det er helg, eg har ingenting å gjere.
Martin ser på sport, eg gidd ikkje å følge med. Han såg sport heile forrige helg òg.
Eg sit i sofaen kvar dag i veka, og synst derfor ikkje det er så spennande å bruke helgene mine i sofaen. Ting endrar seg.
Eg tenker at eg skal lage kakao og ete bollar, bollar som mamma var her og baka i går. Mumse mumse. Men då må eg ut og kjøpe mjelk først- og før det- dusje.
Sov til halv eitt i dag, merkelig at ein berre søv lenger og lenger når ein kan. Blir ein SÅ sliten av å bu i ein sofakrok???
Golvet er skittent, men kan ikkje vaske det. Då må eg gå att og fram framfor tv`en og eg kan bli drepen.
Koffor må alle skip som går på grunn for å brekke vere fulle av olje?! GudHjelpeMeg!
Eg har rydda leiligheta, no tenker eg at eg skal tippe i dag, må ha peng til å kjøpe alt eg skal ha på IKEA. Det er ein del ja.
SJOKOLADE
Lurer på kva framtida bringer og kva eg skal gjere om eitt år...Vil gå på skule.
No er det på tide å føde, eg vil føde...