..mykje har skjedd siden sommaren. Etter to fantastisk deilige veker i Danmark var det tilbake til Norge og jobb. Fire år med utdanning og fødselspermisjon og alt det der var endelig over og eg kunne endelig tjene mine eigne pengar igjen, for ein befrielse. Kvardagen som eit arbeidande menneske er i gang!
På denne siste måneden har eg jobba (såklart), reist på jentetur med Trine til Tromsø, for å feire verdens beste Kristine, og sist, men ikkje minst kjøpt HUS! (Phu) Endelig fant vi huset med den Hagen vi ønskte, boltreplass for store og små (og etterkvart alle dyra). No er det ei veke att til vi får nøkkel og endelig kan starte oppussingen, vi kan nesten ikkje vente. Det er mykje arbeid, men vi veit at det blir superbra tilslutt. Alt som er bra, ender godt. O'store glede!
Her er nokre glimt frå huset frå utsida og vår deilige oase av ein hage:
"Call her moonchild, dancing in the shallows of a river, lovely moonchild, dreaming in the shadow of the willow."
lørdag, september 08, 2012
onsdag, juni 20, 2012
Det var sommer ei veke i mai.
Det var fantastisk for våre slitne vinterkroppar, som ikkje er så altfor vandt med sol. Tuva trivest i divaoutfit og Tobias har blitt ein tøffing i sjøen i år. No håpar eg berre på fleire fine dagar, for det er dei vi likar aller best!
mandag, juni 18, 2012
Mamma Mun er aleine.
Ei heil veke skal eg vere aleine, godt å kun tenke på seg sjølv ja, men ei heil veke?! Leiligheita er tom og eg veit ikkje om eg likar det i lengda. Ingen smelling med dører, ingen leiking på golvet, ingen masing, ingen kosar, ingen lyd i det heile (utenom musikken eg MÅ ha på, berre for å ikkje føle meg heilt isolert).
I år skulle eg går frå skulen 5. juni med ei ferdig utdanning i ryggsekken og ferie heilt til august. For ei glede å skulle sose rundt, bestemme sjølv, og vere med dei eg diggar mest av alt; Tobias og Tuva! Men så kom nedturen (eg veit, ikkje verdens undergang, men min sommar sin undergang), lærarane var i streik!
Plutselig slutta dei å streike, eg veit ikkje kor mykje dei fekk i auka lønn, noko eg burde vite sidan dette også gjeld meg, men eg drite i det. Barnslig som eg er så surnar eg og nokre må få det, så no er eg sur på lærarane! (Eg blir nok glad når eg får lønn og lønna er pittelitt høgare). I alle fall, no skal eksamen takast den 21. og 22. juni. Praktisk del skal gjennomførast 21. og MUNTLIG, ja for dei valgte å skippe skrifteleg heimeeksamen til fordel for MUNTLIG! Kan det bli verre? Eg stammar berre eg tenker på det!
Ok, så prøver eg å vere litt vaksen (er jo tross alt mor og alt), bit tenna sammen og skal gjennomføre arbeidet, sjølv om vi kun er to igjen på gruppa. Tenk deg eit talekor med to personar, ingenting kan vel vere meir fengande enn det..Vi får sjå..målet er å bestå!
Så altså, derfor sit eg her aleine. Min kjære har fått fri ei veke for å hjelpe til med slåtten heime på gården, så istaden for at vi alle er samla der, og nyt sogn i fulle drag, så er han der, eg her og barna er sendt til besteforeldre.
Vi får bruke tida kvar for oss, sakne kvarandre og få eit lykkeleg gjensyn til helga igjen, Mamma Mun sitt hjerte gler deg! <3

mandag, juni 11, 2012
Framtidig moteløve?
Mor ligg fortsatt og latar seg i senga (ekstremt morgentrøtt mor som absolutt ikkje hoppar opp av senga med eit smil om munnen) då ho høyrer ein glad son; "Mamma, eg har kledd på meg"! Morgensmilet mitt kjem då 5-åringen viser seg i døra, for ein hipp og kul gut!
søndag, juni 10, 2012
Tida går.
Ikkje får eg blogga, ikkje får eg laga album til ungane, ikkje får eg gjort ferdig handarbeid, ikkje får eg ro over meg til å slappe skikkelig av, ikkje får eg opp energinivået, ikkje får eg trent, ikkje får eg leika med alle dei finaste så mykje eg vil, ikkje får gjort husarbeid, ikkje får eg måla, ikkje får eg laga supersunne middagar frå botnen av...Men, eg har klart å bikke 30 (som ikkje var skummelt! Eg love), eg har laga to flotte barn, eg har mykje tid til å tenke over alt eg ikkje får gjort, eg får spist snop, eg får sjå mykje og lenge på alt rotet som ligg her, eg får tatt ei utdanning, og ikkje minst; eg får klaga mykje! Er ikkje livet herlig?! Eg synst det, for no er det sommar!
mandag, april 23, 2012
mandag, april 16, 2012
Tobias snekrar hus til biene..
..Etter å ha funnet eit par klossar, ein hammar og nokre spiker byrja arbeidet. Det blir både tak, pipe og dør i herberget. Her skal biene kose seg, når dei tek pause frå å samle inn honning til grauten. Ein båt har dei også fått!For ei lykke å vere bie i Ortnevik <3
søndag, mars 11, 2012
onsdag, februar 29, 2012
Krokodilla og spidermann, søster og bror.
Ei morgengretten krokodille og ein ertande spiderman, dei er som katt og mus for tida. Den morgengretne krokodilla står og mumler sint da storebror spiderman kjem borti krokodilla, spenning. Krokodilla stiller seg breibeint framfor spiderman, ser truande på han og roper sint og veldig alvorlig; "Pass deg, eller så spise eg deg!". Da kan mor ikkje anna enn å le, snakk om å gå inn i rollene sine.
mandag, februar 20, 2012
søndag, februar 05, 2012
torsdag, februar 02, 2012
Familien Semb Menes kan vere så mangt.
I dette tilfellet er vi pepperkakeformer. Mamma, pappa, Tobias og Tuva. Flaks at vi hadde heile familien representert. Manglar berre Snop (katten).
mandag, januar 30, 2012
Dagens store overrasking!
Eit LØVEKORT i postkassa. Eit løvekort fra Afrika og tante Arin. Løve blei den store snakkisen i bilen på veg heim frå barnehagen og kortet skal no hengast opp på Tobias sitt rom. Tuva kan berre gløyme å ha det på sitt rom visst, bra ho ikkje bryr seg stort om slikt.
God tur vidare tante Arin!
mandag, januar 23, 2012
tirsdag, januar 17, 2012
tirsdag, januar 03, 2012
tirsdag, november 22, 2011
Eksamen..
...i kreativ dans er vel ikkje heilt min greie, men på grunn av flinke folk fikk vi bestått og dermed er eg eit fag nerare ei ferdig utdanning. No kan skuldrane senkes eit par hakk før neste eksame; konsert med trommer og sang. Ein får verkeleg testa grensene i sine på kunstfaglinja, men reknar med det er det som er planen deira, desse lure lærarane. Skremme vettet av oss for å få oss til å stå fram som sterke og tydelege leiarar.
søndag, november 20, 2011
Tori Amos...
..var i Oslo. Det var Trine og eg også, for å sjå og høyre ho. Det var fantastisk! Eg har ikkje ord, berre bileter, og her kjem det endeleg ein smakebit. Berre synd eg ikkje fekk lagt inn videoen, jobbar enda med den saken. Nyt bildene så lenge.
Abonner på:
Innlegg (Atom)