mandag, januar 17, 2011




Krokodilla og Kaptein Sabeltann.
Dei ser skumle ut på utsida, men inni er dei veldig gode. Av og til kjempar dei mot kvarandre, av og til irriterar dei kvarandre og dei kan til og med slå kvarandre, men mest av alt kan dei leve i ro og fred, side om side. Dei klemmer og trøster kvarandre, dei lurer alltid på kva den andre held på med- Det er søskenkjærlighet.

lørdag, januar 08, 2011

Tuvisen på 1-årsdagen sin, sjå så stor og fin jente ho er, solstrålen vår!

Litt fra jula 2010, som var ei veldig koseleg jul, og den første jula vi lagde til i eigen heim.

fredag, januar 07, 2011

2011, velkomen skal du vere, eller? Året mitt som fulltidshusmor er over, alle oppgåvene som husmor er der fortsatt, men no skal eg studere i tillegg. Det er liksom to 100 % stillingar blanda saman til ei stilling, omstillinga er hard. Denne veka har vore den hardaste på lenge, ikkje fordi det er mange tunge løft på høgskulen, men fordi hjernen min må fungere. Eg er psykisk utslitt. Eit og eit halvt år igjen, LA DET GÅ FORT! Helst så fort at eg kanskje kan få studiene unnagjort til sommaren 2011, vil jo tross alt oppleve å vere ferdig utdanna, og siden verden skal gå under i 2012...kremt. NEI NO får eg gå å henge opp klær!!!

2011 startar seriøst, ein blir miljøskada av å vere student.