lørdag, september 04, 2010

Fredag hadde eg den verste dagen i trafikken eg kan hugse, no skal det ikkje så mykje til for å irritere meg akkurat der, men denne dagen tok kaka. Strekninga var Brønndalen-Håkonshella, skulle jo gå greit det. Ut på motorvegen, kom inn fra eit "flettefelt"(husker ikkje ka det heite, er jo tross alt begynt å bli ei stund sidan eg tok lappen no. *grøss* Men det er ei heilt anna historie, eg velger å kalle det flettefelt i dagens historie)Ja, der kom eg, og grei som eg er presser eg meg ikkje heilt fremst for å komme litt ekstra fram i køen, det er vel ingen som liker å stå i lange og trege køer, ah så grei eg er. Og der kjem han, styggen sjølv. Han durer inn rett framfor meg når det faktisk talt ikkje er plass, og slutt på flettefeltet. Jaja, tenkte eg, hiss deg ikkje opp over dette, han har jo rett til å komme så langt fram han berre vil...FREKKE FAEN! Han er sikkert egentlig grei, men det var heilt til vi kom til neste flettefelt. Mannen i ein bæsjegrøn Nissan bråsvinga ut av køen og raste så langt fram han kunne komme for så å presse seg inn- igjen. Av og til får ein vibber, og denne dagen bestemte eg meg for at førsteinntrykket mitt totalt er til å stole på, denne mannen liker eg ikkje! Angra sterk på at eg ikkje såg styggare på han når når vi fekk augekontakt i spegelen. Jada. Men no tar eg av til høgre og kjem til eit kryss der bilane har vikeplikt for MEG! Neeida, der durar bilen forbi meg uten eingang å sjå seg for. Kanskje var han i andre tankar, kanskje visste han ikkje at han hadde vikeplink, slikt skjer. Eg køyrer vidare, og om ikkje lenge kjem eg til neste kryss, der enda ein bil susar forbi og eg må bråbremse-igjen. SERIØST?! Er det fordi eg køyrer ein gammal toyota? Er eg usynlig? Dette er virkelig ikkje dagen! ER DET NOKON SOM HAR HØYRT OM VIKEPLIKT?! Ein SMULE irritert køyrer eg til målet; Håkonshella, og eg trur det gjekk bra, hadde vel huska det om ikkje anna. På veg heim igjen kjem eg til ei rundkøyring, eg må rundt nesten heile rundkøyringa før eg køyrer av, så "folk" burde ha sett meg, men nei. Eit "folk" kjem køyrande opp fra vestkanten og skal til å køyre meg ned, ehem HALOO?! Her er eg, eg er ute og køyrer bilen min i dag, ser du meg ikkje?! OG han tuta på meg!!! Eg seier ikkje meir. Eg kom meg nesten heim, nesten heim før eg måtte stoppe fordi eg hadde VIKEPLIKT. Jada, eg gjer som eg har lært, og mens eg gjer dette kjem ein gammal liten satan og tutar på meg, han skulle til og med ein heilt anna veg. Da måtte eg le. Hilsen Sara (det er ho som er hissig i trafikken, Kotsasi og Mun er englebarn).

1 kommentar:

Anne Liv sa...

Slapp av , Sara -ta det roooolig..