Ting skjer så fort verkar det som, har sett på gamle bilder, frå ei tid der eg berre hadde meg sjølv å tenkje på. No sit eg her, året er 2010 og eg er tobarnsmor. Det hadde eg ikkje trudd, men er evig glad for det. Det er spanande å følgje meg på små mennesker som veks til. Tobias har blitt 3 år og er midt i trassen, men verdens godaste storebror. Tida går så skremmande fort med små i hus. Ser på Tuva som no er 2 månadar, ser ikkje på ho som ein baby lenger, for når ein blir kjent med dei så har dei ein slik stor personlighet at ein føler dei er eit stort menneske. Stort menneske i liten kropp. Ho klør i gommane, vil ikkje liggje som ein baby, men vil opp. Driv med sit- ups, opp opp opp, ho vil sjå verda med vidåpne auger.
2 kommentarer:
Så fine bilder!!! Har lagt deg til i favoritter eg no, s¨følger med;)
ska sei :)
Da må eg begynne å bli flink til å skrive igjen eg da ;)
Legg inn en kommentar