søndag, februar 01, 2009


To år har gått sidan vetle Tobias kom til verda, eg trur aldri at to år har gått so fort før. Det er så rart å sjå kor stor og flink han har blitt. På to år har han lært seg alt han kan i dag, og eg fattar ikkje at eit so lite vesen kan lære so mykje, så fort. Fantastisk morosamt å fylgje med på utviklinga, nye ting å oppdage kvar dag. Skal bli artig å sjå kva han lærer seg i morgon! Takk for at du er verdas beste gut Tobiasen min! Gratulerer med dagen!