onsdag, februar 11, 2009

No skal eg egentlig konsentrere meg om å skrive på matten, som vi skal ha framføring i på fredag. Men det einaste eg klarer å tenkje på er hva i h.... som skjer med trafikken i Bergen når det kjem litt snø. Vi er eit av verdas nordlegaste land, er kjent for å ha isbjørnar gåande rundt i gatene våre, og så stoppar heile kollektivtrafikken opp når det faktisk for ein gang skyld blir skikkelig vinter?! Eg er rysta. Det blir liksom litt poenlaust å reise nokon stad når ein bur i Loddefjord og skal heilt opp på Landås, og det tek 2 timar ein veg! For det einaste eg klarar å gjere når eg først har komen fram er å riste av kulde og av raseri.

Eg brukte, som de skjønar særs lang tid på å stå ute i kulda og vente i går tidleg, og eg fekk god tid til å observere. (noko eg har blitt god på i studiet mitt) Eg observerte EIN einaste buss med kjettingar, sikkert mange bilar med sommardekk. (ikkje veit eg, men eg har mine kilder: Martin Gummimann) Observerte også mange havarerte bussar og bilar, og så klart bilar som hadde sklidd inn i bilen framfor seg. Når eg først kom meg på ein buss så køyrde den i 1. gir store delar av tida. Ja, for akkurat SÅ fort gjekk det, når den ikkje stod og spant i ein slakk oppoverbakke då! Ikkje det at det er buss sjoførane sin feil at Bergen kommune ikkje er i stand til å brøyte, og at dei er så lure at dei saltar før snøen kjem slik at det heile endar i ei skikkeleg såpeglatt sørpe. OH JOY!

Nei, hadde alle vore som meg hadde alt gått så mykje betre;)

2 kommentarer:

Monica sa...

Folk kan ikkje køyre når det er snø. Ikkje når det er for mykje snø i gatene heller. Eg trur og at om alle hadde vore som meg hadde det gått betre :D

jeanette_s sa...

lika at det e oppdateringa!:) jippi!