onsdag, februar 27, 2008

Tom for idear (som i empty, ikkje heia Tom liksom), har absolutt ingenting å skrive om. Kan jo sikkert skrive om kvardagen i barnehagen, 1-årskontrollen vi var på med Tobias i dag, tv-programma eg ser på, kva Martin gjer på akkurat no, men sparar dykk for det. Bloggen min er øde og forlatt, vil derfor berre få sagt at bloggen er med meg i tankane. Sjekkar innom her av og til, kunne jo hende andre hadde laga eit fint lite innlegg for meg, noko som enda ikkje har skjedd. Tek derfor saka i eigne hender: versgo, eit nytt innlegg på mooonchild.
Happy snart skotår!

1 kommentar:

jeanette_s sa...

jippi!
Slite litt med same sjukdomen sjølv. Men no er eg på veg til å komme meg:)