mandag, januar 21, 2008

Eg er kvalm, kvalm av verden vi lever i.
Sterkt rysta etter eit bilde i Dagbladet i dag, bildet er frå Kenya, der det er heilt normalt å gå forbi døde mennesker i gata. Dei berre ser på liket med eit blikk, samme type blikk som eg kunne ha funne på å sender ein stupfull person, som ligg og plaskar i ein dam ein formiddag. Bildet var ein liten familie, to voksne menn og ei dame, dei bar på ein baby. Kanskje hadde dei besøkt tanta eller bestemora, og der ligg ein død mann i gata, eit lik. Eg fattar det ikkje, klarer ikkje å fatte kordan denne verda kan vere. Korleis kan noko slikt bli normalisert?! I norge får ein omtrent krisehjelp etter å ha sett noko slikt, det er forskjell på folk. Eg må nesten ha krisehjelp etter å ha sett bildet eg. Vil berre grine.

2 kommentarer:

Monica sa...

Toleransegrensene vert høgare og høgare. Då dei før i tida anbefalte oss annakvar kveld på dagsrevyen mot sterke scener snudde vi under konfirmasjonsalder oss vekk eller gjekk ut av stova. Når dagsrevyen no ein gang i halvåret advarar mot det same snur eg meg framleis vekk sidan vi toler mykje meir og når ein då må advare så må det vere fryktelegare enn det fryktelegaste..

Anonym sa...

Det er berre heilt sjukt kva som skjer i verden, vi har ikkje sjans å ta det innover oss, vi som er så langt vekke og har det altfor bra. Det seier noko heilt anna om dei som er der, som går forbi slik, kva dei har opplevd og kva det gjer med dei. Vi er så forferdeleg heldige at nesten det også er grunn til å gjere ein kvalm.