onsdag, desember 12, 2007


For eit år sidan hadde eg akkurat blitt sjukemeldt, hadde livet framfor meg, og gleda meg stort til alt som skulle komme. No er vi her igjen, det er desember og snart jul. HÆ?!

Mykje har skjedd, eg kjenner meg ein halv meter høgare, ein veks jammen fort på eit år. Samtidig krympar eg innvendig når eg tenker på at jobben er rett rundt svingen, ikkje langt i det fjerne, som den så lenge har vert. Kvardagen startar snart. Lillebabyen skal leverast til dama kvar einaste dag, og vi får berre få timar om dagen til å kose på. Eg skal tilbake til det som gir meg mindre enn ein samtale med ein fjellvegg, og det lille den gir er frustrasjon, irritasjon og direkte kvalme.

Det er no det er på tide å rette seg opp i ryggen, finne eit mål langt der ute i periferien, og så begynne å gå med små, men faste skritt. Snart er eg der, snart finn eg ut kva det skal bli av meg...snart.

4 kommentarer:

Monica sa...

Først og fremst så er du jo noko! Du treng ikkje bli noko anna. Men eit mål må ein jo ha, slik at ein kan sjå framover. Ein kan ikkje eksistere utan mål!

Også må du finne deg ein ny jobb! Om eg hadde vore veldig rik så kunne du fått blitt konsulenten min innan eit eller anna og arbeidd heimefra. Men no er eg ikkje veldig rik så då går ikkje det..

Kristin sa...

Ny jobb! Eller først og fremst betre jobb.

Du kan bli dagmamma og ta betalt for å passe Tobias....

Sasi sa...

Ny og ein meir givande jobb...
..skal på intervju i ein barnehage på tirsdag faktisk, så Kristin: BRA FORSLAG!

Lurer veldig på kordan det kan gå:)

Kristin sa...

Ssssspennande!