søndag, september 30, 2007

Korleis skal dette gå?
Eg har tre månader igjen av permisjonen min, det har gått fort og dei siste tre går nok enda fortare. Trist tida mi heime snart er over, men på same tid kjem eg til å bli gal. Tempoet aukar.
Klokka er no 15.40 og eg har allerede tatt fire bæsjebleier trur eg, ikkje lett å holde telling. Laga middag han ikkje ville ha, ned på golvet og leike med drikkeflaska si. Åpne lokket, vatn overalt.
Han er forkjøla, da er det godt å vere varm, men sokkane går av i eitt sett, bruker halve dagen på å springe rundt og leite etter dei. Eitt par er herved forsvunne, anar ikkje kor han har gjort av dei.
Er han sur og lei, ja, da kravlar han etter ho mor og passar på at ho får høyre. Alle ting blir fikla med og dradd utover. Golvlampene får gjennomgå, han er konstant på ledningjakt.
Tok meg nettopp tid til å henge opp klær, då var det rett opp i baljen og dra ut alt med den frydefulle latteren hans, for så å gulpe litt på det. No leikar han fortsatt med den tomme badebaljen, mens seg sitte her og klage litt.
Ja, i dag er eg sliten og lei.
Han får ikkje oppmerksomheit, lage kvelningslydar.
Akk så god han er :)

1 kommentar:

Trine sa...

Lille flinke mammaen. Tapper, sannelig, sjølv om det er påkrevd. Men du er flink, har fin unge og bra mann, så alt vil ordne seg! Du veit, snille jenter;)