Til no i sommar har vi vore i Ortnevik og stått i silo, det vil sei pappaen har stått i silo, mens mammaen laga middag og Tobyliten har leika, ete eller sove.
Vi har farta rundt og møtt andre babyar og andre mødre.
Vi har ete masse is.
Toby har brukt pappaen sin gamle stol, og stortrivdes i den.
Vore i dåp til lille Angelika.
Tobias har så smått begynt å ete graut.
Besøkt akvariet, berre dagar før nye pingvinar kom til verda.
Vi har kost oss, og meir kos skal det bli. Reiser snart heim til Kvamsøy, og då håper vi på fint vær!
5 kommentarer:
åhhh...so mange fine bilde av den vesle fine familien:)Dokke har jo fått gjort på masse rart allereide i sommar dokke:) Hadde gløymt at du hadde fått deg ny kul sveis!
Jada, vi er jo eventyrarar:) hehe
Dette er enda ein ny sveis, måtte få vekk-Toby fekk så godt tak i det "gamle" håret:)
Bra med nye opplevingar og eventyr.
Takk for at du legg ut alle dei fantastiske bildene! I london er det ikkje skikkelig sommar i det heile tatt:( Berre regn regn regn.. Gledar meg masse til å komme heim og sjå dikka! Hels godbollen!
Åh, så fine dåke er!! Lille gomman! er du i kvams no, eller i bergen? Eg er i Bergen, nemlig. Har fri til lørdag, så du veit ka du har å gjere;)
Legg inn en kommentar