tirsdag, mai 15, 2007


Vil så gjerne prøve å skjerpe meg her. Så eg starte med det i dag, så får eg sjå korleis det går. Har vert altfor dårlig til å pleie bloggen min og eg klandra den ikkje om den nekte å legge inn dette nye innlegget.

Stakkars bloggen min! (FACEBOOK FACEBOOK FACEBOOK)


Her skjer det nåke heile tida, mest beibiting, men det har no skjedd litt anna også altså. Som at vi var heime i helga og festa på Balejazzen.

Trine, Jeanette og Synnøve var med innover til huset i Kvamsøy. Der vi vil bu:)

Vi kosa oss (kan jo berre snakke for meg sjølv), vi åt, drakk og fjasa. Helga gjekk så fort at eg må nesten klype meg i armen for å kjenne at eg ikkje drøymer. Vi tok masse taxi, føler eg. Iallefall til å vere i Balestrand. Og så betalte vi over 300 kr for å høyre på ein avdanka Morten Abel. Det beste var å vere heime og nyte sola med gode jenter!


No er det snart den 17. mai og eg skal ut og kjøpe festdrakt til Tobias, han må jo stå i stil med mammaen i bunad. Og mamma blir 25 år berre ein gang i livet, så så skal han stasast opp. Er han like glad i oppstasing som faren, ja då kan det bli ein dag med to sure gutar. Men det får no so vere. Eg skal nyte rømmegraut og kaker, so da so.


Blei ei kort "oppsummering" dette, men har ein gut her som ropar etter action. Ikkje slik som før at han sov og åt og sov og åt. No er det lite søvn ogklaging om det ikkje skjer nåke. Jaja, berre bra, so kanskje eg etterkvart klare å rive meg vekk frå internett...(håpe).

4 kommentarer:

Anonym sa...

Men eg og koste meg masse i helga, og skulle ønske den ikkje gjekk so fort over! Me sol, onga,kjekke jente, go mat og drikke va de superhelg=) Håpa de ikkje blir lenge te neste gong!

Anonym sa...

Å så kjekt med nytt innlegg, Kotsasi!
Og for eit fint bilde. Må sei Tobias e lik far sin!

Kristin sa...

grattis grattis med dagen

Monica sa...

Eg og skal på skjerpings. Men det skjer ikkje i desse tider... Høyrer gjerne meir om andre sine liv når eg ikkje har noko liv sjølv :)