Bilder fra Toby sin første 17. mai og feiring av mamma sin 25- årsdag. Vi var jo berre SÅ heldige med vèret og kunne til og med ta av kappa i går. FANTASTISK!
Det blei berre ein kort tur til sentrum for å lufte bunaden. Umulig å gå i Bergen på ein slik dag med vogn. Fekk lyst til å meie med ein etter ein, men fann ut at det var best å styre seg på ein slikein dag. Sjølv om den er min.
Vi møtte pappa og skynda oss opp bakkane til skansen og opp i huset der mamma bur. Ho venta med rømmegraut og kaker. Det var bedre ja. Der sat vi resten av dagen og følgde med på livet i sentrum og naut all den gode maten.
Kan berre meddele at det å amme i bunad ikkje var så gale, men godt vi var der vi var, hadde ikkje sett så fint ut å ta av seg halve bunaden på ein kafè liksom.
Ein velukka dag med kjekke folk!
4 kommentarer:
SÅ fine dåke var, lille familien!:)Tobbis nyyydelig i festdrakt!
Kor e bunaden til Martin?
Ja Kristin, det seier eg også!:)
Eg har spurt han om han VIRKELIG ikkje vil ha bunad, men han berre ler av meg. Eg synst det er så fantastisk med menn i bunad. Men han har kanskje rett, er vel ikkje alle som passar i det nei..:)
Eg skal gå i bunad den dagen Bård går i bunad!
Legg inn en kommentar