onsdag, mars 14, 2007

Då har eg endelig litt tid til å skrive, lenge sidan sist no.

For det første så har dataen vert svært sjuk, så sjuk at vi har måtte få ny harddisk, det var ille. Men faktumet er at det faktisk går an å venne seg til å vare uten pc, så når den endelig blei frisk igjen har eg ikkje tatt meg særlig masse tid til samvær med min lille svarte.

Og for det andre hadde eg fått meg eit nytt liv ei stund. Sex and the city. Jepp, eg har levd meg inn i ei verd med nye folk og ein fantastisk by, som eg lengta sterkt etter å komme tilbake til.
Eg har levd mitt liv gjennom nokre simple dvd`ar, ein rosa boks fylt med dei faktisk. Det har vert moro. Livet var herligt. Men i dag skjedde det uunngåelege, eg satte siste plata i dvd- spelaren og naut dei siste fire episodane. Siste episode sugde eg inn i sjela og no, ja no er livet tomt. Ser trist bort på den rosa boksen og draøymer om at det skal komme fleir, eg vil ha fleir boksar som er fulle av fantastiske episodar med gjengen...

Akk og ve, kva skal eg finne på no? Blir nok mange turar i regnet framover, berre for å understreke kor fælt det er:D

Nei...*ta seg i nakken* No skal det bli andre bollar her.

Tobias blir meir og meir vaken, han snakkar og smiler som berre det og det skal vi nyte. Vi skal leike, synge å le...

Har vore så heldig å bli tante igjen sidan sist. No er det to små gull inne i sogn, som veks og lærer alt ein må kunne. Det skal bli meg litt av ein bande. Bastian, Bias og Gelika:D

Jenta heiter Angelika og er ei perfekt lita prinsesse. Skal sjå ho klarer å tvinne heile familien rundt lillefingeren.

Livet med barn er fantastisk, ein må berre suge alt til seg- for ein ting er sikkert, dei veks skremmande fort!

Har forresten hatt masse fantastisk besøk i det siste. Det lønna seg å få baby på mange måtar. No har eg møtt kjære vennar eg ikkje har sett på år, det har vert kjekt!

Ditta vart ei oje smørje, men sånn kan det gå...har fått skrive eit nytt innlegg, kryss i taket for meg X

10 kommentarer:

Anonym sa...

Skjønna ikkje koffe de slutta med sex and the city-serien...var jo fantastisk.Men går faktisk an å sjå serien mange ganga, med litt pause i mellom. Tru meg, eg ha prøvd det opp til fleire gonger... Forresten, gratulerer som tante igjen!!

Monica sa...

Bra dei sluttar på topp sånn at det ikkje vert nedturar de lux og sesong åtte var verkeleg ikkje bra greie samtalar.

Gratulerer som enda meir tante! Du er svært god på babyfronten Kotsasi!

Anonym sa...

Kjente og savnet når eg var ferdig med siste dvd, ein blir jo så voldsomt engasjert i dei der jentene der. Men som Hilde seier, det går fint an å sjå dei om igjen.

Ja, eg føyer meg i rekkja, gratulerer som tante igjen!

jeanette_s sa...

åhhh... du kan få låne six feet kjære venn!

Sasi sa...

Men eg har jo sett six feet under:(

Lure på om eg skal sjå RIGET, men veit ikkje om eg tore å sjå den aleine...

Har lurt på om eg berre skal begynne på nytt med det samme...hehe, men har jo tross alt ein baby å ta meg av...

Takk alle, ja, eg er god på babyfronten føle eg, det held på ei stund no:) Kan starte egen barnehage snart:D

Kristin sa...

Syns det renne ut med ungar overalt eg... Og bra er det! Grattis! Godt du e tilbake igjen, no har me venta lenge!

Charlie & Maria sa...

Hei Kot du maa sjaa Nip/Tuck!! Det er 4 sesongar tilogmed og det er fantastisk naar du kjem inn i det! Og Prison Break!!!!! Uff eg er ein tvserienerd. uansett sote deg eg kjem 30. april, haapar du er i Bergen den helga?? Ah kan du sende meg naaken bilder viss du faar tid, eg har saa lyst aa sjaa meir av guten!! Paa gmailen min viss det gaar!!! Haapar alt er vel og at det er goy aa vere mamma. Eg og vil, men mitt store maal i livet er forst aa komme seg ut av huset til svigerfolket. Masse masse klem!!

Anonym sa...

Åååå, du berre Må sjå RIGET, heilt fantastisk og heilt sinnsjukt skummel, så det er nok å anbefale at du ikkje ser den aleine. Ellers kan eg anbefale Sopranos på det sterkaste! Eg har foressten begge dela, så du kan låne dei av meg viss du vil :) (....eg har berre 1. og 2.sesong av Sopranos, men dei blir kjøpt inn på løpande bånd ;)

Sasi sa...

Oj, Cecilie, kan vere du redda meg no!:)

Har forresten sett riget, såg det når det gjekk på tv. Sniksåg aleine på rommet mitt, men er meir pysete no- kvir meg jo berre til å sjå introen med hånda og blodet....uææææææ!

Anonym sa...

Introen e jo drit skummel, heile serien e drit skummel...men det toppar seg heilt for min del med "baby-mannen", då trudde eg faktisk at eg skulle tisse på meg av skrekk....sjøl om eg har heile serien, har eg berre sett den ein gang....må mote meg skikkelig opp for å sjå den ein gang til...