Å jada, her kjem enda fleir bilde av beibien vår. Vi blir aldri lei! Her er det beibi Tobias heile dagen og heile natta, så eg har ikkje anna å skrive om eller å vise fram.
Tobias er ein svært så avslappa fyr, ikkje lett å vippe han av pinnen nei. Mamma og Pappa kan herje rundt, ha tv`en på full styrke, vaskemaskina på (er i ferd med å dø, trur vi, den bråkar som berre det), hamre og trampe uten at ripset bryr seg.
Men blir det stille derimot, da vil ikkje lillegutt sove. Så nettene blir lange og Tobias strevar mot søvnen så lenge han kan. Klokka kan fort bli tre og fem, som oftast blir den to før han må gi etter for søvnen. Vi blir leie då ja og trøtte, men heldigvis er han så liten og vi kan sove utover dagen om vi vil...
Tobiaslillegullet vil helst sove inntil mamma og pappa, så av og til (som i natt) klare han å snike seg opp i senga (pappaen som ikkje klarte å motså, mamma hadde sovna av utmattelse). Det blir trangt, utrulig kor mykje plass ein sånn liten bylt kan bruke...
Om morgenen er natta glømt og vi må berre smile av den lille som strekke seg og gjespe som ein gammal mann...Snakk om livsnyter:D
Tobias er sjefen her!
8 kommentarer:
Hurra for masse bilde! Eg gler meg til å komme på besøk. Trallala.
Fantastisk far-sønn-bilde med likt uttrykk!
Så fine lille rusket!:) Kjem dåke snart til byen på trilletur?
hihih... eg må le. han e so søt..... vi kjem snart på besøk, for no e vi friske!:)
Å så fin han e! Kjekt med baby altså!
Komanda, smell ut nåken fleire beibibilder eller nåke!! Eg treng underhaldning i snøhelvete!
Fleire bilde av Biasen! Kom igjen, eg veit du kan det no!!
Buuuuuuuuuu, men alle bildene mine eg borte. Dei er på den gamle harddisken, håpe på å få redda dei ut derfra ein gang i framtida!
Legg inn en kommentar