fredag, januar 19, 2007

Ny mageoppdatering. Slik er eg, og den magen begynne å vege nokre kilo. Kan vere eg skal gå på tur med magen min etterpå, berre i håp om at den skal sige lenger og lenger ned for så til slutt å dette av.

Det er ikkje så mykje plass til magesekken min der inne og derfor blir maten, særleg det syrlige smågodtet eg åt i går, liggande i halsen og brenne. Det har gått sterkt utover nakken sidan eg måtte ligge heile natta oppetter veggen. Mjølka hjalp ikkje særlig i natt, så det vart til at eg måtte ligge høgt med hovudet ja. Det er ikkje godt, verken for nakke eller hofte.

Neida, eg er ikkje 104 år, berre gravid. Kan lett forvekslast.

4 kommentarer:

Monica sa...

Haha, morsom setning sist der du :)

Eg syns du er veldig flink som nesten ikkje klagar i det heile!

Smågodt, drømme...

Ikkje lenge igjen no. Hald ut! :)

Anonym sa...

For en herlig mage! Sånn litt på halv åtte. Vår lille nye kompis, eg gleder meg sånn!!:D

Sasi sa...

Seier du at magen min ser ut som eit halvt åttetall???!:O

thihi

Kristin sa...

Oj, no var du skikkeleg tjukkas. Stilig. Skal sei den vesle krabaten har vokse sidan juleverkstad