torsdag, januar 25, 2007

I dag er eg akkurat 40 veker på veg:

To dagar att til termin og eg håpar så inderlig at dette blir det aller siste biletet av magen. Fordi no vil eg ha bilde av beibiguten og ingen andre!

Var på kontroll i går, alt var greit og han låg veldig langt nede. Det har han igrunn gjort ei stund, det kjennest iallefall sånn ut. AU! Men legen ploppa ut med at han trudde no at det kanskje kunne skje ting i helga, så eg slapp å komme til timen min på mandag. JOHOOOOOOOOOO tenkte eg i mitt stille sinn. Ikkje veit eg om han kan sjå det, men eg tenker at han VIL jo ikkje gi meg falske forhåpningar og han treng jo ikkje å sei sånt. Derfor vel eg å tru at han såg at denne beibien har bestemt seg for å komme i helga, og at han sa det slik at eg skulle kunne begynne å forberede meg på det. *HÅPE HÅPE*

I dag skulle eg forresten ha fått mi første utbetaling fra NAV. Har ikkje høyrt nåke fra dei, so eg ringte for å høyre kor mykje det var snakk om at eg fekk, fordi eg må vite det i min søknad om utsettelse av nedbetaling til lånekassa (puh). Men kva er det eg høyrer??? Er de ikkje ferdige å behandle søknaden min??? *Grine*

Dei ventar på inntektsinfo fra arbeidsgivaren min og hadde sendt ei purring for ei god stund sidan. Arbeidsgivaren min fekk det første brevet i november. ARGH! Ringte på jobben, han hadde sendt alt til lønningskontoret og lovde å purre på dei. Men i alle dagar! Er det mulig?? Kva skal eg leve av då? Har jo eindel rekningar, husleige og lån. Neste nedbetaling fra lånekassa skal betalast 15. februar, så då får eg ikkje søkt om utsetting før det. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Rane ein bank?? Fordi det er faktisk det eg tenkjer på akkurat no.

Når NAV endelig får infoen dei skal ha tek det vel år og dag før dei får behandla det. Og ho som har saka mi slutte på onsdag, så eg er veldig spent på kor mykje skade som kan bli gjort når dei bytter saksbehandlar. Så ja, eg sit no her i sofan min og knage på ein tørr brødskalk. Håpe jammen Martin har pengar, stakkars mann!

*KLAGEKLAGE*

6 kommentarer:

jeanette_s sa...

typpisk at "mølja"går so seint...

Anonym sa...

Den magen ser rimelig klar ut, spør du meg!

Kristin sa...

Kanskje vesle babyen har nokre pengar på bok... Lykke til med fødingen!

Monica sa...

Eg set ein knapp på at den kjem tysdag :)

Sjølv om eg vil for din del at den kjem før.

Monica sa...

Og når eg skriv den så meinte eg eigentleg magen og ikkje ungen. Ungen er jo ein han. Berre sånn at ein har det gramatisk korrekt liksom.... (ro ro ro:)

Sasi sa...

Haha, berre ro du, men du ror utan årer;)

Mammaen går for lørdag, men veit inni seg at det sikkert ikkje blir:.(