mandag, desember 04, 2006

No er det den 4. desember, berre tjue dagar til jul. Eg som låg så godt an med julegavehandel. No veit eg ikkje korti eg får shoppa resten. Ligg her i senga og skal ta det med ro, har kanskje svangerskapsforgiftning. USJ! Skal til lege i måro og då får eg vite. Håpe det var eit eingangstilfelle med protein i urin og høgt blodtrykk. Vil ikkje ha det, vil ikkje. Ikkje har eg tid heller, må jo gjere meg klar til jul og til beibien kjem.
No ser eg berre for meg eit mareritt, der eg må ligge på sjukehuset i jula og at der kjem ein beibi snarare enn tenkt. Nei, fysj, vil ikkje tenke på det.
I morgon skal eg til lege- og då SKAL eg få vite at eg er FRISK som ein fisk, og at eg kan shoppe så masse eg vil for dei tre kronene som ligg i jakkelomma mi. (Mange stygge tankar og ord til lånekassa som tar ALLE julegavapengane mine og sug dei til seg, som om det skulle vere fortjent. Møkkafolk!)

Ellers går det fint og eg har nettopp nytt eit stooort glas meg banan/pistasjis/milkshake. NAM.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg trur is verkar mot alt så eg trur du er frisk uansett :)

Kjøp noko fint til deg sjølv i staden for til alle andre.

Kristin sa...

Kryssar fingrar for deg!