mandag, oktober 30, 2006


Har sett litt over bloggane til mine kjære vener, har ei kjensle av at vinterdepresjonen er komen snikande inn døra til fleire, eller er det berre slik at alt automatisk blir drit når vi no rundar oktober? Eg veit ikkje. Eg for min del sit her og ventar på energi, kreativitet, jul...ja, for eg kom ikkje på nåke anna. Hadde vert kjekt med ein skikkelig gladdag snart, berre le og skråle heile dagen og legge seg utan ei einaste bekymring i sikte. bladdibladdibla....Hadde egentlig ingenting lurt å skrive, ville vel berre vise at..HEY, eg er i live!

Melde meg faktisk inn i den norske bokklubben i dag, veit eg kjem til å angre alle gangane eg ikkje hugsar å avbestille bøker, men på ei anna side vil eg jo berre svømme i dei. Berre eg klarar å lese alle. Det var jo det som var planen, gå vinteren i møte meg eit utval av gode bøker. Kjenner tanken trøstar meg, så får eg berre sjå kva eg klarer å gjere med saken. Byrja på ei i dag, Bienes hemmelige liv av Sue Monk Kidd, anbefalt av min mor. Eg har komen i gang, gler meg til fortsettelsen..

4 kommentarer:

Anonym sa...

Oi, det var et skummelt bilde:O
Her e iallefall stemninga minus-under-taket, av opplagte årsaker. Men eg e iallefall heime og kan gråte på diverse foreldre og søstre. Og ein gang, ein dag, skal vi alle vere klare for å skråle og le. Eg love deg.

Monica sa...

Den boka skal vere bra har eg høyrt. Eg er manisk om sommaren og deprimert om vinteren. Men i morgon skal eg vere frisk og rask og det er jo snart juleverkstad for gudsskuld :D Alle er velkomne

Sasi sa...

Eg gler meg til juleverkstaden! Eit godt lyspunkt:D

Monica sa...

Ja sant! Eg gler meg og! I år har eg invitert kreti og pleti og satsar kanskje på å ha forskjellig opplegg på ulike rom. Men skal ikkje planleggje det no..