torsdag, september 07, 2006

No har Mun endelig fått internett igjen og eg har fått festa navlestrengen min ut i den store verda igjen, fy som eg har sakna det! Eg kan snakke meg folk, sjølv om ingen av mine vennar ser ut til å vere pålogga mens eg er her, har kanskje nåke med sær døgnrytme på nettet å gjere, jaja, møter dikka vel snart..

Dagane mine går for det meste i jobb og magen min. Det er meg og klumpen, ingen andre. Martin ser eg jo nesten ikkje sidan eg alltid jobbe sein. Kjedelig, men eg har jo klumpen og tenke på. Vi surfar masse på nettet for å finne utstyr, men eg gir nesten opp, det er så masse at eg går heilt i surr. Heldigvis nokre mnd att. Har begynt å tenke på å ta ein harrytur over til sverige til høsten. Så får vi oss ein tur og billigare vogn. Har ikkje fått drøfta dette med min mann, sidan eg var ein smule sur og lei i går, men han har vel ikkje tid til slik ein tulletur. Om ikkje han kan så får eg berre ta meg ein prat med bilen, ein volvo stasjonsvogn seie ALDRI nei til svensketur. Det kan eg ikkje tenke meg.

Men tilbake til magen. Der skjer ting, heilt utruleg! Har lenge skulda på tarmane mine der inne, stakkar lille klumpen min, blir oversett til fordel for nokre usle tarmar. Men no er det klart, det er den vesle, sterke krabaten som leve inni meg som laga alt levenet. Han er særleg aktiv om kveldane og morgonane...trur eg. I allefall kver gang eg er rolig, då sparkar han og slår villt om seg. Men han er ein snill liten klump og det plagar aldri mamma, uansett på døgnet, ikkje enda. Pappaen har ikkje fått kjenne det enda, men trur nok ikkje det er lenge til no.

1. septemper var vi på ultralyd, det var kjekt og litt rart. Det å plutselig sjå klart og tydelig den lille søte som berre ligg der og ikkje vil bli tatt bilde av. Ryggraden var så liten, skjør, men perfekt. Han vinka og veiva til oss, sa dama, men eg synst ikkje det va så lett og sjå. Han hadde ein fin nasetipp, sa ho òg, så han har vel arva dei store nasane våre:) Når ho skulle ta det perfekte bilde av ansiktet ville han ikkje meir, då holdt han den eine armen sin over hovudet og veiva litt slik at den kasta skugge på den søte, men vi fekk nokre fine bilder likevel. Mitt yndlingsbilde er når han ligg og ser på dei små tottelottetærne sine. Gler meg til å få holde han, no er halve tida gått, so da nerma seg. Ny termin: 27. januar 2007, klagar ikkje på det..

4 kommentarer:

Monica sa...

Oho, stilig! Eg gler meg til ungen kjem, den vert heilt sikkert den kulaste ever. Kotsasi skal bli mamma, hihi.

Og eg vil gjerne vere med til Sverige om du ikkje får med deg andre.

jeanette_s sa...

åhhhhhhhhhhh... wow... no vart eg nesten rørt. og begynde å grine.....uhhhuu.....so spennande!!!:) vi gler oss!:)

Trine sa...

fine, fine lille klumpen! dette e så kjekt!!:D

Kristin sa...

For eit nydeleg lite vesen! Ultralyd er jammen fasinerande greier.

Gratulere med tilbakevendinga til nett forresten!