mandag, juni 19, 2006

Nokre av tinga eg er redd for:

  • Eg er svært klaustrofobisk, får pusteproblem berre av tanken på å bli levande begravd. (Som i Kill Bill, måtte snu meg vekk i dei scenene)
  • Høgder skremmer meg. Skal bli spanande å sjå korleis det blir å bu i 9. etg. :S
  • Redd for små uskyldige kryp. Ein kan aldri vite kva dei kan finne på og kva dei plutselig kan forvandle seg til..
  • Har opparbeida meg ein redsel for små gnagarar, som innavla hamterar.
  • Eg er kjemperedd for å miste folk eg er glad i!
  • Redd for å få ein alvorlig sjukdom.
  • Brann skremmer meg.
  • Å dette ned i kloakken.
  • Eg er redd for å krasje med bilen.
  • Stå blandt folk å tale skremmer vatnet av meg.
  • Redd eg skadar meg fordi eg kjem ikkje til å tåle eit åpent sår, brudd eller rift:O
  • Eg er redd for hoggorm.
  • Er er redd for å svømme aleine på djupet, redd for det ekle som befinn seg i sjøen under meg.
  • Eg er redd for måker som stuper etter meg.
  • Eg er redd for flått.
  • Eg er redd for utviklinga i verda.
  • Redd for forandringar. (er jo tyr)

9 kommentarer:

jeanette_s sa...

Hm... det e mykje å vere redd for det! eg e stort sett redd for det samme!

Trine sa...

Eg også! alt sammen! holde på å tisse meg ut bare ved tanken på begravelsescena:|

Trine sa...

I dag va det faktisk en måke som stupte etter meg. I sykehusparken. Den va teit, slem og skummel. Og sannsynligvis hjernedød. Jævli smart å lage reir midt i en park. Hallo, det går folk der - deal with it!

Trine sa...

Åh, eg blir så ivrig her! Eg måtte bare sei at eg ikkje e redd for høgder.

Sasi sa...

Måkene è heilt sjuke, dei har ein tendens til å legge egg midt i store folkemenger- og etterpå skal dei jage oss. Sjuke sjuke fuglar (monster).

jeanette_s sa...

ja! fuglen som e laga av djævelen sjølv!

Kristin sa...

Men legg merke til at måken aldri kjem borti deg, den vil berre du skal tru det. Har forska litt på dette.. Tjeld derimot angrip på ein vinglete måte og er truande til å lande på ryggen din..uhu

Monica sa...

Men dei kan godt drite på deg. Måkene altså.

Sasi sa...

Bra poeng Monica:)