torsdag, april 20, 2006




Nokre bilder fra påskedagane i Ortnevik og vegen inn der. Veret var ikkje særlig bra, grått og kaldt alle dagane. Endelig har eg fått tatt bilde av svigerfar og gårdskattane, synst dei er så artige (kattane). Særleg nasepus som er grå og kvit. Ellers vart det ein liten "fest" etter å ha bunnsmurt båten heile dagen. Martin, Are og meg. Vi satt på Sande og drakk litt øl, men Are hadde ikkje ro i ræva og ville så absolutt reise til Brekkestranda på fest. (ca. ein time å køyre kvar veg) Når vi endeleg kom fram hadde dei slutta å sleppe inn folk for fleire timar sidan, je, hela i taket! Vi sto der ei lita stund før vi tusla oss innatt til Ortnis, då var vi så trøtte at det vart rett i bingen.


På lørdagen gjekk turen til Kvamsøy der heile familien min var samla for å feira mi yndlingssøster Arin sin 17- årsdag. Det vart masse god mat og vi fekk julemage alle i hop. Jenta var fornøgd med dagen og gavane, og om kvelden gjekk turen for visse ut til Høyanger. Her er tante Arin meg Sebastiangullet, som er klar for å lalle. Gratulere så masse med overstått søster og takk for ein kjempefin påske, hadde den berre vart lenger..

6 kommentarer:

Monica sa...

Kvifor er Arin blitt gammal? Eller altså eldre. Det går jo ikkje an.. Ho skal liksom vere liten enda..

Anonym sa...

Ikjefjordbrua!

Sasi sa...

I KnoW! Og ja...ikjefjordbrua!

Anonym sa...

Så fine bilder! og sjøl om det sikkert står "orkel" på det skiltet over pusen, så fant eg ut at min neste pus skal heite Onkel. Hehe. Glede meg tilå leike me Kotti i helga!:P

jeanette_s sa...

ojoj... ser ut som alle e komen i gong me skriverier på bloggen ette påske! eg ska skjerpe meg. i kveld kjem det inn på stæsj!!

Anonym sa...

Takk yndlingssøster:) endelig, fekk eg min plass på sida di:)