lørdag, april 29, 2006




I dag vart stokkanda den heldige utvalgte. Har menga meg med dei i ein time no og vi vart ganske gode vennar, noko som skapa litt småstrid dei imellom.

Heilt sidan eg fekk kjøpe ei stokkand (bamse) på loppemarknad i barnehagen har eg hatt eit nært forhold til desse fuglane. Ja ja, nært og nært, men eg synst dei er fine og eg savnar bamsen min. Lurer fortsatt på kvar den blei av. Mistenkjer visse mennesker for å ha kasta den, eller så er den stjelt, for det var ein fantastisk fuglebamse. Den var nesten heilt ekte og når eg trykte litt å den kvakka den fine stokkandlydar. Fiiine bamsen min..kvar er du??

1 kommentar:

Anonym sa...

Håpe du ga beskjed til dei fuglane at dei skulle vere snille med kvarandre. Ingenting å drive å krangle for!