fredag, mars 31, 2006


Det er fredag og helg, eg er aleine. Mannen è på "personalmøte" på peppes. Eg kan gjere akkurat det eg vil og ingen klaga over valga eg tek, t.d. ved valg av tv- kanal. Eg kan ete akkurat det eg vil og kan strekke beina strakt ut i tresetaren vår.

På ein måte er det ganske deilig, men på ein annan måte litt trist.
Skulle gjerne skravle sjit over ei flaske vin eller sitte med lattekrampa langt oppi halsen over ein øl, men den gang ei. Fleir bur så altfor langt vekke, nåken er på veg til Oslo, mens andre får besøk, er på samlingar eller på temafest. Men men, eg gjer det beste ut av det, og må sei eg kosar meg masse òg. Kosar meg med Nytt på Nytt og no Først og sist. Han har besøk av ho dama i VG reklamen, og ja Monica, ho minna litt om deg:) Mykje på hjerte ho òg.

Det beste er at eg kan sitte å nyte ei skål med smågodt, som raskt kom på bordet. Slepp å sloss for kvar bit og irritere meg over hamsterkjakane til Mannen. Hadde egentlig tenkt å unne meg litt Coca Cola også, men føler det blir litt for mykje av det gode, så eg sit her med vasskanna mi. Det er nåke med det, kan ete alt mulig usunne greier berre eg drikk vatn. Vatnet rensar liksom gangane og skyller vekk eller "fanga" alt det usunne, slik at det ikkje går vidare i kroppen. Hmmm ja, Christian?! Kanskje du vil ta ei psykologisk utgreiing på meg?? Vart litt bekymra her, snakk om å lure seg sjølv trill rundt!! Eg har det faktisk sånn med gulrot, kålrot og rå potet (derav navnet KottiPotti, takk Edin, og eller Monica som sladdra) òg. Et eg det skrapar det vekk belegget som har lagt seg på tennene, tunga og vidare ned i kroppen (sjukt). Brus er verre å gjere nåke med, det er jo rennande og går rett i blodet, og det er ikkje bra. Hallo Christian! Er eg gal? Kjenne eg må skrelle ei gulrot no...

Har forresten blitt lurt ein del gangar i livet. Den største skrøna eg nåken gang har trudd på , som eg aldri kjem til å komme over, skjedde når eg var lita. Mamma og pappa gjekk av og til rundt å tygde på nåke. Eg spurte "Ka et de?", og eg fekk til svar "Vi tygg berre på tunga". Det er ikkje ille i seg sjølv å sei det, det som er ille er at eg faktisk trudde på det. Eg trudde ikkje berre litt på det, eg trudde heilt og holdent på det. Eg tore ikkje nevne kortid det gjekk opp for meg at eg faktisk var blitt lurt. Eg som gjekk og venta i alle år på at det skulle bli godt å tygge på tunga, nåke det jo aldri blei. Tenk alt snopet eg har gått glipp av! Eg krev det eg har til gode...NO!!

P.S. Creepy! Eg googla nettopp på smågodt (ja, ikkje spør koffor). Gjekk litt hit og litt dit, plutselig var eg på ei bloggside til ei som heite Renate. Ho skreiv om salg på smågodt på OBS og at alle gjekk amokk, eg tenkte eg kunne gå inn å reklamere litt for fastprisen på smågodt hos Europris, som er 5.99 kr. Men etter å ha lese kommentarane satt eg berre med haka på knerne, der vart Balestrand nevt. Eg skjønte jo ingenting, Balestrand i ein tilfeldig blogg om smågodt. Poenget var jo at det ikkje var Obs i Balestrand og at denne jenta, Anne som ho heite ikkje fekk tak i so billigt smågodt. Stakkar, dette problemet kan eg ikkje sei eg kjenner til..:/ Eg, nyskjerrig som eg er, måtte jo gå inn på Anne si side. Det viste seg jo fort at ho ikkje var ein sambygding, men ein sygnaghettogangar. (dei kjenner eg meg ikkje i slekt med) Der var sjølvsagt ein kampanje mot brenning-av-bilelen-Otto, svært engasjerte der ja, ringing til tv 2 for å få det stoppa. Der var eindel bibelord og bilder av kors og slikt. Det artige var jo at det var bilder av ho, eller vennane med Balestrandsvegar, Balestrandshus, Vindreken og kjende og kjære ting i bakgrunnen. Det var litt kjekt. Det som skremte meg litt og er creepy er jo at tilfeldigheitane gjorde sitt til at eg enda der, på den sida. Er det eit tegn? Håpar ikkje det. Då fryktar eg for kva tegnet vil sei meg!?! Cree reee reeeeeeeepy..

9 kommentarer:

Anonym sa...

Såså, Sasimor, om du er gal er eg det også. Bare vent til de blir Balejazz, da kan vi vere gale sammen! (og helst før det også).

Sasi sa...

Ja helst det, men det er jo faktisk ikkje so lenge til Balejazz. Får håpe eg kjem meg til Førde ein tur før mai:)

Monica sa...

Du er heilt normal på den ikkje sjuklege måten. Tross alt har eg jo psykologi grunnfag, halvvegs sosionom og mykje praksis med halvgalne slektningar, vener og pasientar.

Og oj for ein luksuskveld utan kjærast eller andre ting å ta seg til..

jeanette_s sa...

iiihh.. no e eg i Oslo!
jei ågso vill til Balejazz!:)

Sasi sa...

Då er det ein avtale, fellesmøte neste gang: Balejazz. Har plass til deg òg Jeanette, om ikkje du heller vil bu hos nåken andre eg kjenner:)

jeanette_s sa...

eg e me på fest hjå deg!!! jee! det ska bli morosamt:)!

Det innlegget her, va det eit forsøk på det du veit? som vi snakk om på kafé?:)

jeanette_s sa...

kan du forresten legge ut blogg adressa til denne rare dama??

Sasi sa...

Det var ikkje meint som eit forsøk på det, men etterkvart blei det liksom det. Har ikkje fått forventa resultat kan du sei:) Ein dag får vi det te Jeanette:)

Rare dama? HÆ? È eg treige no?

Sasi sa...

Åja, ho kristne? Eg veit ikkje ke det va. Eg googla berre på smågodt, so kom det opp på andre eller tredje sida. Du får leite deg fram. Om du gidd:) (eh, eg hadde det kjempekjekt på fredag, har gode grunna te å søke på smågodt altso!!GODE)