"Call her moonchild, dancing in the shallows of a river, lovely moonchild, dreaming in the shadow of the willow."
søndag, april 27, 2008
torsdag, april 17, 2008
Til ære for deg Maria:) Blir ikkje tatt så masse bilder lenger, før tok eg jo sånn ca 50 om dagen. Her kjem dei nyaste bileta av Tobias:

Han elskar å styre og ornde på kjøkkenet, og så so fint det blir. Fiskespel og pasta i ein finfin blanding. Han er ein liten luring.
Ete graut heilt sjølv er stas, stas for Tobias. Eg er ikkje så glad i graut all over, men morro å sjå på han er det:)
Alt kan leikast med. Korger, baljer, papp, panner og sleiver er nokon av favorittane. Snakke i mobil og fjernkontrollar er jo sjølvsagt også stas. Finn forresten ikkje att fjernkontrollen til tv`en, anar ikkje kor han gjer av ting. Han må ha eit hemmeleg hol ein plass, der han legg tanntråd, fjernkontroll, kodeting til nettbanken og ellers alle andre ting eg ikkje kan finne. Må lure det ut av han ein dag.torsdag, mars 13, 2008

Ein dag igjen på jobb, før det er avgårde på ein ti dagers lang påskeferie. Det skal bli übergodt. Endelig skal eg få henge masse med min yndlingsgutt igjen. Turen går til sogn, litt her og litt der, og vi håpar at vermeldinga ikkje slår feil. Mål: Komme seg på fjellet slik at mini kan få oppleve litt snø og akebretting. Kjenner at dette skal bli godt. God påske folkens!
lørdag, mars 08, 2008
Skjønar ikkje kva som gjer at eg er heilt tom i hovudet når det gjeld denne bloggen. Eg kunne jo holdt eit foredrag i barnehagelivet, for all del. Fem dagar i veka tilbringer eg i barnehage, men kor spennande er det liksom?! Kvelden er forbeholdt sofaen. Tobias ser eg berre nokre timar om dagen, lille gullet lever sitt eige liv no. Dette gjer til at eg ikkje har noko å snakke om, blir berre det evinnelige barnepratet.
Gledar meg veldig til påskeferien, då skal eg kose meg med Tobias min heile veka. Kanskje kjem det litt nytt etter ei gul veke.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
