onsdag, juni 23, 2010

På laurdag blir det:
Vi satsar på godt vèr og hela i taket..

søndag, juni 20, 2010

Vi har hatt ei veke ferie i sogn. Martin har vert heime i slåtten, og vi andre har stort sett vert i Kvamsøy. Det er deilig å vere i sogn om sommaren, alt er så avslappande..

Har rydda på loftet til B&B og funnet den gamle russebuksa mi, den er no i bosset, stakkars bukse.

Fant også pappa sine gamle bilar, Tobias synst det var stor stas å leike med dei, denne mercedesen fikk pappa da han vart 1 år.

Babyar låg ute og slang på ei dyne, mens dei blei mata av større søsken. Mor var det ingen som såg.

Maten måtte dei store ungane stjele på butikken og trykke i seg før politiet kom.


Vakker natur og babyar i fengsel.
Og alle var dei einige om at det var ein fin tur :)

fredag, juni 04, 2010

Sommaren er her, den helsar på sånn av og til.
Kjem og seier hei for så å stikke av igjen, og ingen veit kor den blei av.
Sommaren er ei fantastisk årstid, og alle blir glade når sommaren dukkar opp, men sommaren er ein liten luring. Tenk om sommaren kunne vere trufast, tenk om eg hadde hatt vett til å gå ut i sola og nyte sommaren no når den endelig er her.

Sommaren er her i dag.

Til den som lurer, det står sommar 7 gangar i dette innlegget, 8 no.