tirsdag, mai 30, 2006

Jippi Jai, eg er blitt voksen og eigar av mi eiga leilighet. Mannen og eg då sjølvsagt. Det er så ufatteleg deili å få seg nåke eget og ikkje minst komme seg ut av dette kottet på loftet av ein kald bygård på Landås. No skal eg bu i 9. etg. i eit høgt hus i Loddefjord. Det blir litt utanfor sentrumområdet, men det er ikkje langt med bussen- so det er berre å komme på besøk! Sjølv har eg ikkje sett leiligheta anna enn på bilder, det var Mannen og mora som var på visning, men stolar fullt og heilt på dei:) Ellers så er alt anna bedre enn der vi bur no. Skal bli så deili med oppvaskmaskin, endelig blir drømmen min oppfyllt. DU KJÆRE OPPVASKMASKIN!! Det blir masse nye og dyre innkjøp framover, så no fyk alt av skattepeng, sparepeng og bilen min, men men, det blir luksus med t.d. frys (har levd uten nåken mnd). Der er også ein vinterhage som nesten blir som eit ekstra og lyst rom. Når det er sol kan vi skubbe vekk vindaugene og vips vi har ein terrasse (beklager om det var feil, kan ikkje forkjellen på altan, terrasse, veranda.....likar vinterhage bedre). Johoooo!
No får eg berre høyre kor voksen og etablert eg er og det verste er at Mannen har volvo, så no kan eg sei at vi har "hus" og volvo...HJEEEELP! Men dei som har sett volvoen og kjenner oss kan vel tenke seg om fleira gangar om kor voksne vi egentlig er. Eg føler meg i allefall ikkje særleg voksen. Men eiga leilighet har eg....JOHOOO...*PLANLEGGE*

mandag, mai 29, 2006

Dette har vert meg dei siste dagane, sitte og ete kake i bunad. Legg merke til at eg sitt lett bakoverlent, kan ting tyde på at eg har ete ei stund?

For å sei det sånn, eg har IKKJE lyst på kake i dag. To harde kakedagar på ei lita langhelg tar på og eg trudde ei stund bunaden vart utvida. Den 2. bunadsdagen var vel realistisk og fortalte meg at bunaden slettes ikkje var utvida, ikkje litt eingang. Men skal ikkje klage, bunaden passa i år òg og håpet è at den sklir fint på til neste år òg:)

Kyrkjegangen har vert litt hard for meg. To ganga i kyrkje på få dagar?! Nei, eg er ikkje blitt omvendt og nei eg gir ikkje kollekt, uansett kor lange talar dei held om dei stooore gåvene vi må gi. Måte på frekkheit. Bruke ein konfirmasjon til å tale i lange banar om kva dei skal bruke pengane sine på og gni seg i hendene. Fysj, smeltar ikkje meg må dei tru. Eg har ein bærebjelke i auget må vite.

No har kvardagen starta igjen, den har ein tendens til å komme igjen og igjen. Eg som gjer alt for å unngå den. Jaja, nåke gjer eg gale, den er no her og kakene skal av og jobben ventar. Gje meg styrke til å klare å smile til kundane i dag!

onsdag, mai 24, 2006

No skal eg egentlig pakka, men eg orke ikkje. Eg skal vaske opp, men eg orke ikkje. Eg skulle nok ha rydda å vaska kott, men det orka eg i allefall ikkje. Eg MÅ renske akvariumet, snart ikkje meir vatn igjen og det è jo litt av poenget, men eg orka ikkje. Det einaste eg orka er å sitte framfor tv`en og sjå alt mølet mens eg et middagsrestar og drikk vatn. (Vatn som fiskane egentlig burde fått)

Seinare i dag/ettermiddag/kveld skal eg sitte i bil. Eg skal til Oslo i konfirmasjon til mannen sitt søskenbarn. På fredag skal vi sitte like lenge, om ikkje enda lenger og fare til sogn. Der skal eg i dåp til lille Karoline. Det blir mykje familie, mat og fjas. Shit! Kom på at eg kanskje skulle ha prøvd bunaden min i år, besta har jo prøvd å hinte frampå om at eg må finne ut om bunaden min må syast inn ELLER ut i år. Gudane veit ka ho meinte med det. Bunaden skal pressast på om den vil eller ei og eg veit no nåke anna som skal vekk før vi går til verks og syr i bunaden. ALDRI sy bunad ut! Merk mine ord.

Og sola held seg milevis vekke i dag òg, håpe dei er bedre stilt i Oslo. Dei skryt jo alltid av fìnvèr der borte, så då får dei vise oss no..

Jeanette! No blir eg vekke heilt til søndag, håpe eg blir tilgitt for at eg ikkje har moglegheitar til å oppdatere bloggen min i dette tidsrommet. .Ellers lykke så veldig masse til med oppgåvene!!

tirsdag, mai 23, 2006

Det er kaldt og jævli og eg er blitt forkjøla. Er det ikkje sommar no? Alltid skal det komme litt sånn hei-her-er-sommaren-vèr og minne oss på at det faktisk kan vere varmt i Norge også. Men like fort som finvèret har vist seg så forsvinn det og det blir iiiisande kaldt. Eg sit no og tenke, som kvart år, blir det ein varm og fin sommar i år? Når eg ser tilbake på optimismen som har råda i åra før om at det blir fint i mårra, og det aldri blei det før i august så veit eg ikkje om eg orka å sitte å vente. Derfor har eg satsa på sol og varme i august og tatt ut ferien min då. Håpe det ikkje slår feil, fordi i år skal eg ha sommar, sjølv uten den årlige sydenturen!

søndag, mai 21, 2006

Enda ei helg er over, korleis kan tida gå så fort?
No er det to dagar med jobb (sein som vanlig) og så reiser vi østover. Der blir det bunadstas og tjo og hei før turen går heimatt til sogn og enda meir bunad og tjo og hei. Etter det veit eg faktisk ikkje kva eg skal gjere. Kanskje eg berre skal gå rundt i min fine bunad resten av året. Eg likar å gå med bunad, kjennest som eg er tilbake i gamle og gode dagar, før mi tid vel og merke. Men eg likar å tru at eg levde på den tida og kan drøyme tilbake på korleis det var å gå i kjolane dei/ vi gjekk med. Hadde vore så fantastisk om vi kunne gå kledd slik no òg. Side, tunge kjolar med korsett og bling blong på. Ein kjenner seg så praktfull og elegant. Eg ønsker med dette å få motene til å gå heilt tilbake til 1897 og ikkje berre til 50- talet. JA! Eg vil vere ei kjolejente på ball:)