onsdag, februar 27, 2008

Tom for idear (som i empty, ikkje heia Tom liksom), har absolutt ingenting å skrive om. Kan jo sikkert skrive om kvardagen i barnehagen, 1-årskontrollen vi var på med Tobias i dag, tv-programma eg ser på, kva Martin gjer på akkurat no, men sparar dykk for det. Bloggen min er øde og forlatt, vil derfor berre få sagt at bloggen er med meg i tankane. Sjekkar innom her av og til, kunne jo hende andre hadde laga eit fint lite innlegg for meg, noko som enda ikkje har skjedd. Tek derfor saka i eigne hender: versgo, eit nytt innlegg på mooonchild.
Happy snart skotår!

fredag, februar 08, 2008


Sånn ser altså eg ut når eg er på jobb, her som ei mus såklart.
Søt? :)

lørdag, februar 02, 2008



Eittåringen vår<3
Vi hadde ei fin feiring i dag. Masse ballongar, kaker i magen og koselige folk. Tobias var storfornøyd med oppmerksomheita han fekk i dag!


fredag, februar 01, 2008

Det har gått eit år sidan liva våre blei snudd heilt på hovudet. Etter ni månader og ei vanvittig vond natt var ikkje ting som det ein gong hadde vert. Eg var i ein merkeleg tilstand, levde i ei boble. Magen var tom, og ved sida av meg låg ein liten gut. Det er det raraste eg nokon gang har opplevd, det raraste, som seinare viste seg å vere det mest fantastiske.
Den dagen, for akkurat eit år sidan kjente vi ikkje kvarandre. No etter å ha tilbrakt mykje tid saman har vi lært kvarandre å kjenne veldig godt, og guten er heilt fantastisk. Lille Tobias gir oss meir enn livet nokon gang har gitt, han er som ein liten engelen som kom til oss med lys og glede.
Vi blir meir og meir glad i Tobias for kvar dag som går...lille prinsen, GRATULERER SÅ MASSE MED DAGEN!