torsdag, mai 31, 2007

Det er snart helg...igjen.
I måro er Tobias 4 mnd.
Tida går så fort at eg blir reint skremd.
Høyrest ut som ein klisje, men det er fakta. Etter å ha fått barn går tida så alfor fort.
Sommaren er jo her alt.
Snart er sommaren over, men det vil eg ikkje tenke på.
Skal prøve å leve i nuet, og nyte det. Er så altfor dårlig på det.
Nei, eg må inn å sjå på min lille sovande Tobygut!<3

onsdag, mai 23, 2007




Er det andre som har cirkus i hagen?
EG HAR!
Eg fann ut i går kveld at cirkus Zorba campa i hagen vår.

tirsdag, mai 22, 2007

Guten min har sove lenge no *bank i bordet* Blir heilt rastlaus eg no, veit ikkje kva eg skal te meg til.
Var på Ikea i går og kjøpte skap som skal henge over senga, har opna eine pakken, dradd alt utover golvet, men mista piffen, og måtte ta meg ein pause ved my computer . Sånn kan det gå gitt.

Har så mange planar og idear no at det går heilt i spinn oppi topplokket. Og så får eg ikkje gjort så mykje med ein lite krøll i hus. Det hjelp jo ikkje akkurat at eg sit her og skravlar, mens han søve og drøymer søtt. Men korleis i alle dagar skulle eg vite at han skulle sove lenge i dag då?!

Mine planar er altså: montere skap, henge dei opp (SnikkarAre kom kom), henge opp nye orange gardiner på soverommet, rydde minirommet ved soverommet og lage babystasjrom til min kjære minimann, legge fliser på altanen (flisene står her og ser veldig fine ut i grå kartongar), fikse gardinsnora i stova så gardinene endelig kan henge rett, pluss kjøpe nye gardiner, tapetesere midterste gangen, henge opp tv`en, finne meg ein gammel kommode eg kan pusse opp og ha i stova- under tv`en, henge opp bilder, male bilder, kjøpe golvteppe til stova, henge opp hyller og "klesstang" i gangen, ja som de skjønnar vil denne lista ingen ende ta. Så her sit eg, skravlar på nett og utset alt av praktisk arbeid.

Kva skal ein med ein mann?! (når han nektar å jobbe for meg:P) :D

søndag, mai 20, 2007

Det er søndag. Eg sit og tenker på alt eg skulle ha fått gjort no mens Martin er heime. Ingenting blir gjort så lenge eg brukar tida mi på Babyverden.no, Facebook. com og bloggen min. Tida flyr. Snart er søndagen over, og det einaste eg har fått gjort av ikkjenettverdenting er å spise kakerestar fra 17. mai. Er det rart pila på vekta stig og stig? Neppe. På mandag begynner vannmelondietten min. Det vil sei om kakene er vel fordøyd innen den tid- synd å kaste.
Vannmelondiett er ifølge ein pakistansk lege det absolutt rette for oss ammende. Spis masse vannmelon i løpet av dagen. Dette skal auke mjølkemengda, og ein slepp alt det andre bosset ein stappar i seg i løpet av ein dag, so kroppen begynner på dei godt oppbygde fettlagera mine. Håpet er at mage, rumpe og lår skal krympe. Lenge leve håpet. Har ein heil vannmelon liggande på kjøkkkenet, og berre ventar på å bli kutta opp. Kjem eg til å bli lei av vannmelon? Kjenner eg er lei allerede no, etter å ha skrive ordet vannmelon fem gangar i dette innlegget. Lykke til te meg!

fredag, mai 18, 2007






Bilder fra Toby sin første 17. mai og feiring av mamma sin 25- årsdag. Vi var jo berre SÅ heldige med vèret og kunne til og med ta av kappa i går. FANTASTISK!
Det blei berre ein kort tur til sentrum for å lufte bunaden. Umulig å gå i Bergen på ein slik dag med vogn. Fekk lyst til å meie med ein etter ein, men fann ut at det var best å styre seg på ein slikein dag. Sjølv om den er min.
Vi møtte pappa og skynda oss opp bakkane til skansen og opp i huset der mamma bur. Ho venta med rømmegraut og kaker. Det var bedre ja. Der sat vi resten av dagen og følgde med på livet i sentrum og naut all den gode maten.
Kan berre meddele at det å amme i bunad ikkje var så gale, men godt vi var der vi var, hadde ikkje sett så fint ut å ta av seg halve bunaden på ein kafè liksom.
Ein velukka dag med kjekke folk!









tirsdag, mai 15, 2007


Vil så gjerne prøve å skjerpe meg her. Så eg starte med det i dag, så får eg sjå korleis det går. Har vert altfor dårlig til å pleie bloggen min og eg klandra den ikkje om den nekte å legge inn dette nye innlegget.

Stakkars bloggen min! (FACEBOOK FACEBOOK FACEBOOK)


Her skjer det nåke heile tida, mest beibiting, men det har no skjedd litt anna også altså. Som at vi var heime i helga og festa på Balejazzen.

Trine, Jeanette og Synnøve var med innover til huset i Kvamsøy. Der vi vil bu:)

Vi kosa oss (kan jo berre snakke for meg sjølv), vi åt, drakk og fjasa. Helga gjekk så fort at eg må nesten klype meg i armen for å kjenne at eg ikkje drøymer. Vi tok masse taxi, føler eg. Iallefall til å vere i Balestrand. Og så betalte vi over 300 kr for å høyre på ein avdanka Morten Abel. Det beste var å vere heime og nyte sola med gode jenter!


No er det snart den 17. mai og eg skal ut og kjøpe festdrakt til Tobias, han må jo stå i stil med mammaen i bunad. Og mamma blir 25 år berre ein gang i livet, så så skal han stasast opp. Er han like glad i oppstasing som faren, ja då kan det bli ein dag med to sure gutar. Men det får no so vere. Eg skal nyte rømmegraut og kaker, so da so.


Blei ei kort "oppsummering" dette, men har ein gut her som ropar etter action. Ikkje slik som før at han sov og åt og sov og åt. No er det lite søvn ogklaging om det ikkje skjer nåke. Jaja, berre bra, so kanskje eg etterkvart klare å rive meg vekk frå internett...(håpe).