onsdag, desember 19, 2007

GOD JUL
&
GODT NYTTÅR!

onsdag, desember 12, 2007


For eit år sidan hadde eg akkurat blitt sjukemeldt, hadde livet framfor meg, og gleda meg stort til alt som skulle komme. No er vi her igjen, det er desember og snart jul. HÆ?!

Mykje har skjedd, eg kjenner meg ein halv meter høgare, ein veks jammen fort på eit år. Samtidig krympar eg innvendig når eg tenker på at jobben er rett rundt svingen, ikkje langt i det fjerne, som den så lenge har vert. Kvardagen startar snart. Lillebabyen skal leverast til dama kvar einaste dag, og vi får berre få timar om dagen til å kose på. Eg skal tilbake til det som gir meg mindre enn ein samtale med ein fjellvegg, og det lille den gir er frustrasjon, irritasjon og direkte kvalme.

Det er no det er på tide å rette seg opp i ryggen, finne eit mål langt der ute i periferien, og så begynne å gå med små, men faste skritt. Snart er eg der, snart finn eg ut kva det skal bli av meg...snart.

tirsdag, desember 04, 2007

Livet er ein skummel leik,
plutselig er det over.
Av og til får ein føle små glimt av dette.
Heldigvis er ikkje ting alltid så gale som det kan sjå ut som!
Eg er merka for livet, forhåpentligvis gjer det meg berre sterkare, sterkare som mor.