onsdag, juni 20, 2012

Det var sommer ei veke i mai.


Det var fantastisk for våre slitne vinterkroppar, som ikkje er så altfor vandt med sol. Tuva trivest i divaoutfit og Tobias har blitt ein tøffing i sjøen i år. No håpar eg berre på fleire fine dagar, for det er dei vi likar aller best!

mandag, juni 18, 2012

Mamma Mun er aleine.

Ei heil veke skal eg vere aleine, godt å kun tenke på seg sjølv ja, men ei heil veke?! Leiligheita er tom og eg veit ikkje om eg likar det i lengda. Ingen smelling med dører, ingen leiking på golvet, ingen masing, ingen kosar, ingen lyd i det heile (utenom musikken eg MÅ ha på, berre for å ikkje føle meg heilt isolert).

I år skulle eg går frå skulen 5. juni med ei ferdig utdanning i ryggsekken og ferie heilt til august. For ei glede å skulle sose rundt, bestemme sjølv, og vere med dei eg diggar mest av alt; Tobias og Tuva! Men så kom nedturen (eg veit, ikkje verdens undergang, men min sommar sin undergang), lærarane var i streik!
Plutselig slutta dei å streike, eg veit ikkje kor mykje dei fekk i auka lønn, noko eg burde vite sidan dette også gjeld meg, men eg drite i det. Barnslig som eg er så surnar eg og nokre må få det, så no er eg sur på lærarane! (Eg blir nok glad når eg får lønn og lønna er pittelitt høgare). I alle fall, no skal eksamen takast den 21. og 22. juni. Praktisk del skal gjennomførast 21. og MUNTLIG, ja for dei valgte å skippe skrifteleg heimeeksamen til fordel for MUNTLIG! Kan det bli verre? Eg stammar berre eg tenker på det!
Ok, så prøver eg å vere litt vaksen (er jo tross alt mor og alt), bit tenna sammen og skal gjennomføre arbeidet, sjølv om vi kun er to igjen på gruppa. Tenk deg eit talekor med to personar, ingenting kan vel vere meir fengande enn det..Vi får sjå..målet er å bestå!

Så altså, derfor sit eg her aleine. Min kjære har fått fri ei veke for å hjelpe til med slåtten heime på gården, så istaden for at vi alle er samla der, og nyt sogn i fulle drag, så er han der, eg her og barna er sendt til besteforeldre.


Vi får bruke tida kvar for oss, sakne kvarandre og få eit lykkeleg gjensyn til helga igjen, Mamma Mun sitt hjerte gler deg! <3

mandag, juni 11, 2012

Framtidig moteløve?

Mor ligg fortsatt og latar seg i senga (ekstremt morgentrøtt mor som absolutt ikkje hoppar opp av senga med eit smil om munnen) då ho høyrer ein glad son; "Mamma, eg har kledd på meg"! Morgensmilet mitt kjem då 5-åringen viser seg i døra, for ein hipp og kul gut!

Folk er rare..


                                                                                   ...og dette er mitt avkom<3

søndag, juni 10, 2012

Tida går.

Ikkje får eg blogga, ikkje får eg laga album til ungane, ikkje får eg gjort ferdig handarbeid, ikkje får eg ro over meg til å slappe skikkelig av, ikkje får eg opp energinivået, ikkje får eg trent, ikkje får eg leika med alle dei finaste så mykje eg vil, ikkje får gjort husarbeid, ikkje får eg måla, ikkje får eg laga supersunne middagar frå botnen av...Men, eg har klart å bikke 30 (som ikkje var skummelt! Eg love), eg har laga to flotte barn, eg har mykje tid til å tenke over alt eg ikkje får gjort, eg får spist snop, eg får sjå mykje og lenge på alt rotet som ligg her, eg får tatt ei utdanning, og ikkje minst; eg får klaga mykje! Er ikkje livet herlig?! Eg synst det, for no er det sommar!