fredag, april 30, 2010

Det er fredag, siste dagen i april.
Sjølvmeldinga skal inn, og som den smarte økonomen eg er satsar eg på at alt stemmer, uten å ha sett på den. Har berre sett på resterande skatt, det er det einaste eg bryr meg om i desse pengelause tider.

I morgon er det mai, den beste månaden. I mai har eg bursdag, kanskje ikkje så stort lenger, men dagen er der for meg, og eg kan kose meg litt ekstra. Dette er også måneden heimbygda spelar opp til jazz, den store jazzhelga, BALEJAZZ.

Mens eg sit her og ser fram til varmare tider, jazz, vin og gode folk, ventar eg. Eg ventar og ventar på pengane mine. Pengane mine kjem frå lånekassen, og det tek tid. Siste utbetaling fekk eg i desember, men sidan eg skal ha foreldrestipend må eg skjøne at det tek litt ekstra tid. LITT EKSTRA TID?! Jada, eg er tolmodig, synst eg har vore veldig tolmodig no, men det finst da grenser for meg også.
Sjekka status på utbetaling:
Gjeldsbrev: IKKJE MOTTATT!
Neivel? Kor lang tid tek det å sende ting i posten om dagen? Eg sendte brevet på mandag, og no er det, som sagt fredag. Eg er lei, eg er lei og oppgitt over heile systemet.
Fuck it!

onsdag, april 28, 2010

Da har eg endelig begynt å trene igjen. Har vert støttemedlem lenge nok no, og pila på vekta går feile vegen.
Det er slutt på sjokolade kvar kveld, no er det trening som gjeld, og ca sånn ser eg ut når eg trenar:


mandag, april 26, 2010





I dag er det akkurat 4 månedar sidan lille Tuva såg dagens lys i Førde.
Ho har vokse, smilt, sove og vore våres lille prinsesse kvar einaste dag i desse månadane, tenk så heldige vi er som får ha ei slik snill og nydelig jente her hos oss :)

søndag, april 25, 2010

Eg er Sara Kotsasi Mun,
eg er mor til to.
Eg er i permisjon,
eg ventar på vår.
Eg gler meg til fest med gode vener,
eg gler meg til å ligge under dyna.
Eg skal snart vaske hus,
ikkje i dag, men i morgon.
Eg likar god mat,
eg skal begynne å trene te veka.
Eg har drukke vin,
eg skal legge meg no !

onsdag, april 21, 2010

Eg kjem inn i stova etter å ha skifta årets bæsjebleie på Tuva. Tobias møter meg med eit smil, "fin?"
Eg tar meg saman, "kjempefin Tobias"
Han var ikkje like fornøyd da han fant ut at det ikkje kunne vaskast vekk, og sidan mor ikkje er eigar av lakkfjerner har guten starta ny mote i barnehagen i dag. Er spent på kor kult det egentlig blir.

søndag, april 18, 2010

Bli med å synge kanon!
Jeg har fanget meg en mygg,
smeltet fettet fra den.
Tønnen den er stor og tykk,
fylt med fettet fra den.
Sy meg fluks et støvlepar,
du kan godt begynne.
Om jeg ingen penger har ,
får du fett i tønne ;)

Det er midt i april og etter ein skikkelig vinter på mange år har vi hatt nokre fine dagar, og veker med vårsol som har varma kroppane våre. Sola har vore her og minna oss på at no nermar sommaren seg.
Deilig!
Men så vaknar vi opp til snø- igjen.
Eg klaga aldri over snøen som var, synst det var deilig og litt morro. Nordlendingen i meg fryda seg over at vinteren endelig var som den skulle. Snøen som kjem no er derimot ikkje like velkomen, det er da tross alt nokre av grunnane til at ein ikkje flyttar nordover igjen, og det er lange somrar og ein vår som startar i mars. Nei, no får våren komme og den skal ikkje stoppast av vulkanskyer. Kanskje er det er det neste, ingen somar på grunn av vulkanaske som skuggar for sola.
Ei ny istid here you come.
Mens det i skrivande stund snør sidelengs ute vel eg å lukte på denne:

fredag, april 16, 2010

Sit og lurer på kva eg skal skrive på bloggen, synst liksom at det er på tide å bli litt meir aktiv igjen, men det er vanskeleg. Mens eg sit her og lurer ser eg gjennom bileter for å finne inspirasjon. Det er uante mengder med bilete, men dette fikk meg til å stoppe. Eg må le. Sånn er kvardagen her, Tobias tullar på med Tuva, her med ein sokk på handa. Akk, så fornøyd han er, mens lille Tuva stakkars, synst ikkje dette var gøy. Ho ser på mamma med eit bedande blikk- HJELP MEG, ropar ho i det stille, lille sinn.

søndag, april 11, 2010

Vi har hatt navnefest for Tuvamoren; 21.03.2010. Det var ein fin seremoni etterfulgt av feiring i heimen med familien, ei koselig markering av at Tuva har komt og at ho har fått eit navn.
Tuva: av latin "perpetua", evigvarende, eller som Tove: Due.