fredag, august 04, 2006

Sommaren har vore lang, eg veit rett og slett ikkje kor den har vorte av. I mai hadde eg fortsatt vener i bergen og eg var med på fest. I juni og juli- ingen vener i det heile, inga internett og berre sure kundar på jobb. Det føltes som om eg jobba alle dei fine dagane og har IKKJE blitt brun. No har eg endelig ferie og tre gode veker skal njutast til det fulle. Har allerede nytt ei fin veke med sol og varme heime på min favorittstad, huset og fjæra i Kvamsøy. Tåler ikkje sol for tida, så eg prøver å krype under tre og alt som lagar skugge. Men livet er herleg når det er skikkeleg sommar. Bada har eg endelig fått gjere òg. Det triste er berre at eg er blitt den største badepysa ever! Eg tenkjer med grøss tilbake på den tida då eg og Marit bada i allslags vær og så fint sa (heilt seriøst) ”Eg trur faktisk vi kunne ha bada i verdas kaldaste vatn, vi hadde nok holt ut i fem minutt- og tenk, då hadde vi tatt rekorden” Jaja, litt unge og naive?! No tek det meg ca tjue min å komme meg heilt under, går sakte med mange og lange stopp, mens eg grøssar. Og det når gradestokken viser 22 grader. Håpe eg blir flinkare til neste år, då skal eg bade heile tida, uten å jobbe eit sekung, heile sommaren. Gleda er stor!:)

No er eg på besøk hos Monica og ja, det er HO som skal har æra. Ho står bak meg med ein pisk og passar på at eg skriv. Samme kva, kan skrive kinesisk om eg vil, men PIA HARALDSEN skal visst vekk…hmmmmm he he he heheeheh hehe he he, eg ler fortsatt litt (inni meg- pisken svir). Håpe alle er fornøgde no og kan leve liva sine normalt igjen. Håpe ho er skvisa litt lenger ned på sida, eller kanskje skal eg fjerne ho heilt for evig og alltid? Eit fint triks for å få maaaange kommentararJ Hadde tenkt å skrive eit lang langt innlegg, men eg orkar ikkje og har ikkje hovudet på rett plass i denne varmen. Dessuten er eg jo gravid, så eg eg fritatt fra alt eg ikkje orkar….ehem.