lørdag, april 29, 2006




I dag vart stokkanda den heldige utvalgte. Har menga meg med dei i ein time no og vi vart ganske gode vennar, noko som skapa litt småstrid dei imellom.

Heilt sidan eg fekk kjøpe ei stokkand (bamse) på loppemarknad i barnehagen har eg hatt eit nært forhold til desse fuglane. Ja ja, nært og nært, men eg synst dei er fine og eg savnar bamsen min. Lurer fortsatt på kvar den blei av. Mistenkjer visse mennesker for å ha kasta den, eller så er den stjelt, for det var ein fantastisk fuglebamse. Den var nesten heilt ekte og når eg trykte litt å den kvakka den fine stokkandlydar. Fiiine bamsen min..kvar er du??

Eg drømme om fri, helg og ferie heile tida, men når eg endelig har det er eg berre sur fordi eg ikkje får gjort nåke vettugt. Oj, eg kan jo ta bilde (kom på det akkurat no faktisk, derfor litt impulsive linjer her). Det er sol og alt, har ikkje altan så eg må ut å traske for å nyte sola her. Åh, no vart eg litt glad. Skal ete ei skive og ei banan, drikke eit glas med vatn og vere ein effektiv og flink fotograf i dag. Nesten litt profft av meg på ein lørdag. No har eg begynt å framkalle bilder på ekte fotopapir, det viser seg at ikkje alle har så god kvalitet som det ser ut på dataen, så no er det skjerpings! Skulle hatt eit stativ, nåken som kan gi meg det? Har jo snart bursdag veit de!!:D

torsdag, april 27, 2006




Men pannekaker med rørte og nyplukka blåbær er ein heilt annan ting. Det er det beste! Nam, eg får vatn i munnen no. Vil på fjellet og trylle fram blåbæra for så å trykke dei i munnen. Gleda meg til sommaren, skal prøve å komme meg opp der fleir ganga enn ein. Det er så avslappande og deili- heilt uten telefon eller tv og alt som har med kommunikasjon med det ytre verda å gjere. DEILIG!

(Dette kom i feil rekkefølge, men det går vel bra)






Fiskesasi og Mannen skaffar seg dagens middag...nam nam. Det synst i allefall han. Joda, det er godt, men eg har eit fiskebeinsyndrom, kjenne eg eit bein i munnen får eg brekningar. Veldig fint. Ein gang, når vi var på fjellet sat eg faktisk eit bein fast langt nedi halsen. Takk Gud for at eg hadde med meg ein pinsett og at Mannen er flink å operere. Så konklusjonen blir at det er kjekt å sjå kor mange fisk vi har fått i garnet, men ikkje å ete (om eg ikkje har lupe då).

tirsdag, april 25, 2006



Her er onkel Martin og lille Karoline. Ho veks så fort, smiler så fint og er ei skikkelig kosejente. No skal ho snart døypast og det blir samling av familien til dette lille nurket og MASSE kake og god mat. Håpe bunaden ikkje er for stram i år...

torsdag, april 20, 2006




Nokre bilder fra påskedagane i Ortnevik og vegen inn der. Veret var ikkje særlig bra, grått og kaldt alle dagane. Endelig har eg fått tatt bilde av svigerfar og gårdskattane, synst dei er så artige (kattane). Særleg nasepus som er grå og kvit. Ellers vart det ein liten "fest" etter å ha bunnsmurt båten heile dagen. Martin, Are og meg. Vi satt på Sande og drakk litt øl, men Are hadde ikkje ro i ræva og ville så absolutt reise til Brekkestranda på fest. (ca. ein time å køyre kvar veg) Når vi endeleg kom fram hadde dei slutta å sleppe inn folk for fleire timar sidan, je, hela i taket! Vi sto der ei lita stund før vi tusla oss innatt til Ortnis, då var vi så trøtte at det vart rett i bingen.


På lørdagen gjekk turen til Kvamsøy der heile familien min var samla for å feira mi yndlingssøster Arin sin 17- årsdag. Det vart masse god mat og vi fekk julemage alle i hop. Jenta var fornøgd med dagen og gavane, og om kvelden gjekk turen for visse ut til Høyanger. Her er tante Arin meg Sebastiangullet, som er klar for å lalle. Gratulere så masse med overstått søster og takk for ein kjempefin påske, hadde den berre vart lenger..

tirsdag, april 18, 2006

VIPS så var påska over, som sola bak ei sky. Det er uendeleg trist, men det er berre å ta seg saman og ta fatt på kvardagen att. Det einaste gode er at eg endelig kan sove godt i den senga eg for tida er aller mest vand meg, og som derfor er den senga inga anna seng kan slå. Det er stor, god og mjuk. Den er plassert inn i ei krå (lite lys slepp til) og derfor er det ein bra ting, men òg den einaste. God natta alle sprukne påskeegg!

mandag, april 10, 2006

No er det ein dag att på jobb- etter det er det PÅSKE *Glede seg*

Først går turen til Ortnis og så til Kvamsen. På påskeafta skal vi feire bursdagen til mi lille søster, som ikkje lenger er så lita. Ho blir 17 år og det er nesten litt skummelt å tenke på, ho skal jo berre vere 10. Etter det skal vi sikkert leite etter påskeegg som påskeharen har gjømt (kan vel sei det slik at psykisk er eg den yngste av alle oss søsken) *Finne egget først*

Håpe også på ein fest eller to, har vore litt tørke no i det siste. Håpe alle fine folk kan komme til meg (bur ein t.d. i Tromsø er det berre å komme, ingen unnskyldning no) og feire at vi har påskefri, og det gode selskap.

Det eg egentlig ville sei: GOD PÅSKE!!!

lørdag, april 08, 2006


Ete pasta, sjå tv, lese dagbladet mens eg et snop. Sjå Kill Bill heile søndagen *glede seg* Tenne stearinlys (kjenner seg ikkje så aleine då), godt å kvile, har tjent peng, strekke på beina, tenke at det snart er påske, savne alle, skal bli godt å sove. Må stille inn tidsbrytaren på akvariet (ellers lyse det heile natta), har sett litt Tore på sporet (sørgjeleg), gleda meg til mai (balejazz og meg 24), savna pusane mine. Skal eg ete meir snop? Eg skulle jobbe med søknad. No skrur eg av.

torsdag, april 06, 2006

Og de som vil vere med på Balejazz, de må følge med. Eg skal gje beskjed når billettane blir lagt ut, og ved tidligare erfaring skal i allefall eg bestille tidleg i år. Det kan fyke fort.
Mira har visst ødelagt stemme si, so ho kjem ikkje likevel. men dei andre kjem med sang og musikk til oss i den vetle bygda. Kom kom te Balestrand andre helga i mai! Alle er hjarteleg velkomne!!
No er alle i ei fantastisk stigande påskerus, det er ikkje eg. Eg ser meg grøss fram på dei tre seinvaktene eg har framfor meg, pluss dei eg får i neste veke. Ei jobbehelg i Bergen, mens alle andre har reist heim?! OÆÆÆ, til og med Mannen reiser. Kva skal eg gjere? Synst så uendeleg synd på meg sjølv, har mest lyst å legge meg ned å døøøø. Buuuu. Nåken som vil besøke meg kanskje? Då blir eg glad igjen på eit blunk;)

Sånn nok klaging, godt å få det ut i den store verda..

Bursdagen i går var bra, mine husmorkunnskapar er godkjende av familie og ven. Det vil sei Mamma og Arin var her og ga Mannen ei tullefroskemus, men det var kjempebra- for det hadde vi ikkje. Så kom Are ein tur, det var kjekt etter gammalt. Det er kjekt med besøk, sjølv i denne lille heimen vår. Når eg får ei ny og fin leiligheit, skal eg by på kake og god mat heile tida. Alt blir så kjekt og fint over litt mat:)

onsdag, april 05, 2006



Handle MASSE, bake gulrotkake, bake muffsa, lage kyllingsalat, vaske "hus", lufte, skifte på senga. Alt må gjerast av og til. Og i dag har Mannen bursdag, så då vil eg jo gjere han glad. Har kjøpt øl altså, så dagen er redda uansett, men har eg ei unnskyldning til å ordne litt her, jo då må eg nesten utnytten den. Må ha litt puff bak for å komme i gang.

Har heldigvis fri i dag, så heile dagen er satt av til å gjere det fint og lage nam-nam-mat til han kjem heim frå jobb. Har vore ganske fling fram til no må eg sei. Måtte berre ta ein pust i bakken, og vente på at oppvasken skal tørke litt. Nei, no får eg starte på kyllingen, hata å renske kylling..USJ!

Her funderer Mannen over kva han har gjort i 25 år og korleis dei neste 25 vil bli, håpe iallefall at eg er sikra ein plass med deg der! Gratulere med dagen Mannen min!!

Shit! No fyke tida! I got work to do!!


mandag, april 03, 2006


Eg savnar eit dyr. I dag har eg vore inne og sett på omplasseringsdyr. Alt ein kan få tak i altso. No har eg lyst på Chinchilla, hund, katt, litt kanin og ja, berre nevn eit dyr så vil eg sikkert ha det.

Men mest av alt har eg lyst på ein hund. Like før eg flytta heim til Kvamsøy berre for å kunne ha ein hund. Men det kunne blitt litt stusseleg etterkvart, berre meg og hunden. Nei, eg får nøye meg med akvariet så lenge. Så får eg berre drøyme vidare. Og det gjer eg, til gangs..

På lørdag ga eg støtte til kattens vern. Skulle gjerne hjulpe meir, med t.d. å hente eit par kattar som kan bu hos meg. Heilt greit. Må berre finne meg ein ny og større heim. Ein katt ser eg på som ein sjølvsagt sambuar, så koffor ikkje hjelpe dei som treng det aller mest..

Har problem med å vente no, dyresaknet snik (som de skjønna) seg kraftig innpå meg no. Ein dag skal eg nok ha katt, hund og alt eg måtte ønske. Mannen får litt angst no, og trur nok mamma ristar oppgitt på hovudet, men slik er det. Eg er og blir dyrofil. Det er ein grunn til at eg blir mobba for å snu meg etter hundar i staden for menn på gata, slik er det og slik kjem det alltid til å vere. Ingen kan omvende meg, ikkje eingong kyrkja eller paven.

søndag, april 02, 2006


Eg har eit spyrjemål...Kven er med på Roskilde i år??