søndag, september 30, 2007

Korleis skal dette gå?
Eg har tre månader igjen av permisjonen min, det har gått fort og dei siste tre går nok enda fortare. Trist tida mi heime snart er over, men på same tid kjem eg til å bli gal. Tempoet aukar.
Klokka er no 15.40 og eg har allerede tatt fire bæsjebleier trur eg, ikkje lett å holde telling. Laga middag han ikkje ville ha, ned på golvet og leike med drikkeflaska si. Åpne lokket, vatn overalt.
Han er forkjøla, da er det godt å vere varm, men sokkane går av i eitt sett, bruker halve dagen på å springe rundt og leite etter dei. Eitt par er herved forsvunne, anar ikkje kor han har gjort av dei.
Er han sur og lei, ja, da kravlar han etter ho mor og passar på at ho får høyre. Alle ting blir fikla med og dradd utover. Golvlampene får gjennomgå, han er konstant på ledningjakt.
Tok meg nettopp tid til å henge opp klær, då var det rett opp i baljen og dra ut alt med den frydefulle latteren hans, for så å gulpe litt på det. No leikar han fortsatt med den tomme badebaljen, mens seg sitte her og klage litt.
Ja, i dag er eg sliten og lei.
Han får ikkje oppmerksomheit, lage kvelningslydar.
Akk så god han er :)

torsdag, september 20, 2007





Tobias har blitt så stor, og han klarer så masse han ikkje kunne for berre nokre veker sidan. Han viser også tendensar til å vere ein liten ramp. Livet er blitt ein smule meir stressande, men akk så morro det er å følge med på han. Lille luringen vår<3>

mandag, september 17, 2007

I går feirte vi navnefest for vår lille prins.
Var på seremoni arrangert av Humanetisk forbund og deretter var det samling med mat og kaker. Familie og venner var samla for å feire Tobias.
Tida gjekk så altfor fort, ser dagen som eit glimt, og lurer på om det var ein drøm.
Vi er svært fornøgde med dagen, så får vi håpe gjestane koste seg også.
Takk for ein fin dag!

søndag, september 09, 2007


"Du får ikkje tak i meg mamma!":P

torsdag, september 06, 2007

tirsdag, september 04, 2007

Lillegutt hadde ein skikkelig sint dag i går, og i dag veit vi grunnen. Gutten har jo fått heile to tenner nede. Jaja, skal ein først starte så er det jo berre å sette igang for fullt. Han er så flink. Og i dag er han blid som sola igjen:)

lørdag, september 01, 2007

Då er lille/store Tobiasguten vår 7 måneder. Jada, tida går fort, og eg har heilt glømt kor liten han var for ikkje så lenge sidan.
Gratulerer så masse med dagen lille Toby McLur!
Vi elska deg meir og meir for kvar dag som går<3