fredag, november 26, 2010

Ønsker meg ei god og varm dunjakke til kalde dagar, noko det finst nok av for tida.
I morgon reiser eg med mamma og Arin til Spania. I ei veke skal vi kose oss i Nerja, det blir spanande å sjå, lukte og smake på nytt land. Treng å komme meg vekk og få nye impulsar, blir ekstra godt å komme heim igjen til mann og barn, gler meg allerede. Det er med blanda følelsar eg set meg på flyet i morgon, rart å reise fra dei er er med støtt, og når eg kjem heim igjen begynner Tuva i barnehagen, permisjonen er plutselig over, og kvardagen startar igjen. Godt skal det bli, trur eg, å komme igang med studiene igjen, og få følelsen av at studietida minkar.

Gler meg til tur, kvir meg til å vere vekke fra mine kjære, men akk så deilig det skal bli å sjå dei igjen!

tirsdag, november 23, 2010