torsdag, september 28, 2006

No trur eg snart at eg kanskje bikkar over til den gale verda. Eg blir sprø av å tenke, tenke på alt som skal gjerast. Rom skal malast, klede og massevis av ting og tang skal handlast inn til eit heilt nytt liv, eg må ha pengar. Kva forsikring skal vi velge, kva slags vogn? Kva skal eg gjere med min forsikring, som eg ikkje har lenger? Dagane går forbi..av og til jobba eg og av og til har eg fri. Når eg har fri prøver eg å male dører, ellers sit eg på nettet og glor. Alt det fine som eg vil ha..*DRØMME* Har funne ei fantastisk side som er MI, eg vil eige den og kunne velge å vrake mellom alt det fine som er der..kvar dag. http://www.bittelillevennen.com/ Ok, skjønne jo at dette ikkje er like interessant for alle, men no er det den verda eg er i for tida, så hold ut med meg...PLEASE! Ellers har eg funne eit bilde av dei mest fantastiske skoa, som eg ikkje veit kvar eg skal få tak i. Like greit sikkert. Men her er dei i allefall..
Dette var eit lite utdrag fra min fantastisk forvirrande kvardag, som de skjønar svirrar tankane og eg er ikkje heilt vel bevart. Martin meine at eg er komt i ammetåka..ALLEREDE?! So eg må sei meg sjølv fornøgd med å ha klart å få til eit lite innlegg i bloggen i dag. Har nesten glømt at bloggen eksisterar..her går det berre i beibichat:)

torsdag, september 21, 2006

Hemoridekrem under augene? Eg hadde ikkje høyrt om det før, men det er visst veldig kjent i modellverda, ikkje rart eg ikkje har høyrt om det..Men etter søking på nett om hemoridekrem ser eg jo at dette er nåke folk veit om. Ikkje alle er like positive til det nei. Men han Jan Thomas seie det fungera skikkelig bra, ikkje bruk kvar dag, men kanskje ved spesielle anledningar, som møter og diverse. Ein gnir litt krem mellom fingrane, so den blir varm, tappa det på den tynne huden uder augene og det seier nesten "sjupp", posane forsvinn innatt i grotta si og ein ser so vaken og opplagt ut. Perfekt tenkjer eg.

mandag, september 11, 2006

No har pappa Martin endelig fått kjenne styrken til den lille. Han bankar og herjar på der inne, mamma er ikkje like fornøgd når han siktar på blæra og innover mot ryggen, men kan jo ikkje bli sint. Han er jo berre ein uskuldig liten klump.

Har hatt besøk av fintfolk i dag. Trine og Jeanette tok seg turen ut her til dei høge blokkene. So kjekt at de ville komme og håpe de snart kjem att! De har jo tross alt litt maling og ta igjen...kremt kremt.

torsdag, september 07, 2006

No har Mun endelig fått internett igjen og eg har fått festa navlestrengen min ut i den store verda igjen, fy som eg har sakna det! Eg kan snakke meg folk, sjølv om ingen av mine vennar ser ut til å vere pålogga mens eg er her, har kanskje nåke med sær døgnrytme på nettet å gjere, jaja, møter dikka vel snart..

Dagane mine går for det meste i jobb og magen min. Det er meg og klumpen, ingen andre. Martin ser eg jo nesten ikkje sidan eg alltid jobbe sein. Kjedelig, men eg har jo klumpen og tenke på. Vi surfar masse på nettet for å finne utstyr, men eg gir nesten opp, det er så masse at eg går heilt i surr. Heldigvis nokre mnd att. Har begynt å tenke på å ta ein harrytur over til sverige til høsten. Så får vi oss ein tur og billigare vogn. Har ikkje fått drøfta dette med min mann, sidan eg var ein smule sur og lei i går, men han har vel ikkje tid til slik ein tulletur. Om ikkje han kan så får eg berre ta meg ein prat med bilen, ein volvo stasjonsvogn seie ALDRI nei til svensketur. Det kan eg ikkje tenke meg.

Men tilbake til magen. Der skjer ting, heilt utruleg! Har lenge skulda på tarmane mine der inne, stakkar lille klumpen min, blir oversett til fordel for nokre usle tarmar. Men no er det klart, det er den vesle, sterke krabaten som leve inni meg som laga alt levenet. Han er særleg aktiv om kveldane og morgonane...trur eg. I allefall kver gang eg er rolig, då sparkar han og slår villt om seg. Men han er ein snill liten klump og det plagar aldri mamma, uansett på døgnet, ikkje enda. Pappaen har ikkje fått kjenne det enda, men trur nok ikkje det er lenge til no.

1. septemper var vi på ultralyd, det var kjekt og litt rart. Det å plutselig sjå klart og tydelig den lille søte som berre ligg der og ikkje vil bli tatt bilde av. Ryggraden var så liten, skjør, men perfekt. Han vinka og veiva til oss, sa dama, men eg synst ikkje det va så lett og sjå. Han hadde ein fin nasetipp, sa ho òg, så han har vel arva dei store nasane våre:) Når ho skulle ta det perfekte bilde av ansiktet ville han ikkje meir, då holdt han den eine armen sin over hovudet og veiva litt slik at den kasta skugge på den søte, men vi fekk nokre fine bilder likevel. Mitt yndlingsbilde er når han ligg og ser på dei små tottelottetærne sine. Gler meg til å få holde han, no er halve tida gått, so da nerma seg. Ny termin: 27. januar 2007, klagar ikkje på det..