tirsdag, november 22, 2011

Eksamen..

...i kreativ dans er vel ikkje heilt min greie, men på grunn av flinke folk fikk vi bestått og dermed er eg eit fag nerare ei ferdig utdanning. No kan skuldrane senkes eit par hakk før neste eksame; konsert med trommer og sang. Ein får verkeleg testa grensene i sine på kunstfaglinja, men reknar med det er det som er planen deira, desse lure lærarane. Skremme vettet av oss for å få oss til å stå fram som sterke og tydelege leiarar.

søndag, november 20, 2011

Tori Amos...




..var i Oslo. Det var Trine og eg også, for å sjå og høyre ho. Det var fantastisk! Eg har ikkje ord, berre bileter, og her kjem det endeleg ein smakebit. Berre synd eg ikkje fekk lagt inn videoen, jobbar enda med den saken. Nyt bildene så lenge.