lørdag, januar 08, 2011

Litt fra jula 2010, som var ei veldig koseleg jul, og den første jula vi lagde til i eigen heim.

fredag, januar 07, 2011

2011, velkomen skal du vere, eller? Året mitt som fulltidshusmor er over, alle oppgåvene som husmor er der fortsatt, men no skal eg studere i tillegg. Det er liksom to 100 % stillingar blanda saman til ei stilling, omstillinga er hard. Denne veka har vore den hardaste på lenge, ikkje fordi det er mange tunge løft på høgskulen, men fordi hjernen min må fungere. Eg er psykisk utslitt. Eit og eit halvt år igjen, LA DET GÅ FORT! Helst så fort at eg kanskje kan få studiene unnagjort til sommaren 2011, vil jo tross alt oppleve å vere ferdig utdanna, og siden verden skal gå under i 2012...kremt. NEI NO får eg gå å henge opp klær!!!

2011 startar seriøst, ein blir miljøskada av å vere student.

søndag, desember 26, 2010




For eit år sidan satt eg i senga på sjukehuset, lykkeleg for at Tuva var komt og at fødselen hadde gått så fint, men ulykkeleg for å måtte sitte der i jula for å ete tørre skiver. Vi tok stegen ut i snøen og reiste heim.
Du starta livet i snøkaos, og du fyller året i snøkaos.
Gratulerer med dagen vår lille solstråle!
Vi er veldig, VELDIG glade i deg Tuvisen vår

onsdag, desember 22, 2010



Ynskjer med dette alle ei riktig god jul!

lørdag, desember 18, 2010



Det er så koselig å vere ute og leike i snøen når mørket har senka seg, og alle leilighetene rundt oss er pynta med adventstjerner og lys.