fredag, februar 01, 2008

Det har gått eit år sidan liva våre blei snudd heilt på hovudet. Etter ni månader og ei vanvittig vond natt var ikkje ting som det ein gong hadde vert. Eg var i ein merkeleg tilstand, levde i ei boble. Magen var tom, og ved sida av meg låg ein liten gut. Det er det raraste eg nokon gang har opplevd, det raraste, som seinare viste seg å vere det mest fantastiske.
Den dagen, for akkurat eit år sidan kjente vi ikkje kvarandre. No etter å ha tilbrakt mykje tid saman har vi lært kvarandre å kjenne veldig godt, og guten er heilt fantastisk. Lille Tobias gir oss meir enn livet nokon gang har gitt, han er som ein liten engelen som kom til oss med lys og glede.
Vi blir meir og meir glad i Tobias for kvar dag som går...lille prinsen, GRATULERER SÅ MASSE MED DAGEN!

mandag, januar 21, 2008

Eg er kvalm, kvalm av verden vi lever i.
Sterkt rysta etter eit bilde i Dagbladet i dag, bildet er frå Kenya, der det er heilt normalt å gå forbi døde mennesker i gata. Dei berre ser på liket med eit blikk, samme type blikk som eg kunne ha funne på å sender ein stupfull person, som ligg og plaskar i ein dam ein formiddag. Bildet var ein liten familie, to voksne menn og ei dame, dei bar på ein baby. Kanskje hadde dei besøkt tanta eller bestemora, og der ligg ein død mann i gata, eit lik. Eg fattar det ikkje, klarer ikkje å fatte kordan denne verda kan vere. Korleis kan noko slikt bli normalisert?! I norge får ein omtrent krisehjelp etter å ha sett noko slikt, det er forskjell på folk. Eg må nesten ha krisehjelp etter å ha sett bildet eg. Vil berre grine.

onsdag, desember 19, 2007

GOD JUL
&
GODT NYTTÅR!

onsdag, desember 12, 2007


For eit år sidan hadde eg akkurat blitt sjukemeldt, hadde livet framfor meg, og gleda meg stort til alt som skulle komme. No er vi her igjen, det er desember og snart jul. HÆ?!

Mykje har skjedd, eg kjenner meg ein halv meter høgare, ein veks jammen fort på eit år. Samtidig krympar eg innvendig når eg tenker på at jobben er rett rundt svingen, ikkje langt i det fjerne, som den så lenge har vert. Kvardagen startar snart. Lillebabyen skal leverast til dama kvar einaste dag, og vi får berre få timar om dagen til å kose på. Eg skal tilbake til det som gir meg mindre enn ein samtale med ein fjellvegg, og det lille den gir er frustrasjon, irritasjon og direkte kvalme.

Det er no det er på tide å rette seg opp i ryggen, finne eit mål langt der ute i periferien, og så begynne å gå med små, men faste skritt. Snart er eg der, snart finn eg ut kva det skal bli av meg...snart.

tirsdag, desember 04, 2007

Livet er ein skummel leik,
plutselig er det over.
Av og til får ein føle små glimt av dette.
Heldigvis er ikkje ting alltid så gale som det kan sjå ut som!
Eg er merka for livet, forhåpentligvis gjer det meg berre sterkare, sterkare som mor.